Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Engelsk 2b: Språk og diskurs i eit kommunikasjons- og læringsperspektiv

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeENG624
  • Talet på semester1
  • SpråkEngelsk 
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen og nettbasert undervisning

Mål og innhald

Mål: 

Emnet har som mål å gi studenten ei innføring i forskingsbaserte tilnærmingar til vidareutvikling av språk- og tekstkompetanse, slik at studenten både kan arbeide målretta med å vidareutvikle eigen kompetanse i engelskfaget og fremje elevar si vidareutvikling av lingvistisk og kommunikativ kompetanse i faget. God engelskundervisning krev fagleg trygge og reflekterte lærarar, som kan bruke forskingsbasert kunnskap til å utforske og utvikle eigen praksis. Emnet er relevant for lærarar både i ungdomsskolen og vidaregåande skole.

Innhald:

Emnet tar opp tema som

Kommunikasjon

  • Engelsk som verdensspråk og lingua franca

Språklæring

  • Fleirspråklegheit som ressurs i språklæring
  • Språklæring gjennom extramural English (filmar, chat, gaming)
  • Møte med engelskspråklege tekstar
  • Multiliteracies (multimodal literacy, critical literacy)
  • Underveis- og sluttvurdering
  • Formativ og summativ vurdering

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • kan beskrive og forklare den globale statusen til engelsk
  • kan beskrive og forklare dei strukturelle hovudtrekka i engelsk som lingua franca
  • kan beskrive og analysere leksikalske, strukturelle og situasjonelle kontekstar for kodeveksling og kodeblanding
  • kan definere og anvende sentrale sosiolingvistiske omgrep 
  • har forskingsbasert kunnskap om extramural English som ressurs i engelskfaget
  • har forskingsbasert kunnskap om fleirspråklegheit som ressurs i språklæring
  • har kjennskap til teoriar om literacy og språklæring som omfattar critical literacy, multimodal literacy og multiliteracies
  • har kjennskap til grunnleggjande teori om vurdering av språkkompetanse i engelskfaget

Ferdigheiter

Studenten

  • kan ta i bruk teori og forskingsbaserte strategiar for å vidareutvikle eigen språk- og tekstkompetanse i engelskfaget
  • kan undervise og rettleie elevar i deira utvikling av språk- og tekstkompetanse i engelskfaget
  • kan formulere kjenneteikn på måloppnåing for ulike vurderingssituasjonar i engelskfaget
  • kan utvikle eigne undervisningsopplegg og kritisk drøfte og evaluere eigne og andre sine undervisningsopplegg i engelskfaget
  • kan evaluere eigen læringsprosess og eiga utvikling av språk-, tekst- og didaktisk kompetanse i engelskfaget
  • kan undersøkje og analysere autentisk språkmateriale
  • kan undersøkje og analysere eleven si grad av kodeveksling 
  • kan undersøkje og analysere relevans av kodevekslingen i eiga undervisning 

Generell kompetanse

Studenten

  • kan kommunisere skriftleg og munnleg på engelsk med struktur og språkføring tilpassa tema, føremål og situasjon for kommunikasjonen
  • kan evaluere og ta i bruk ulike digitale verktøy til undervisnings- og kommunikasjonsføremål
  • kan anvende sine kunnskapar og ferdigheiter på nye område, f.eks. ved å benytte seg bevisst av kodeveksling i undervisninga

Krav til forkunnskapar

Studentane skal vere lærarar med pedagogisk bakgrunn i samsvar med krava i rammeplanane for lærarutdanninga. Dei må dessutan vere tilsette i skolen i studieperioden.  

Ved eventuelt suppleringsopptak er det ikkje krav om at søkjar er tilsett i skolen, men ein må ha godkjend pedagogisk utdanning i tillegg til dei andre krava.

Tilrådde forkunnskapar

All undervisning skjer på engelsk og føreset gode engelskkunnskapar.

Studiepoengsreduksjon

Ingen. 

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar som har fått opptak gjennom UiB Vidare.

Arbeids- og undervisningsformer

Emnet har tre fysiske samlingar à to vekedagar, fordelt utover semesteret. I tillegg arbeider studentane individuelt med nettbaserte læringsressursar som til dømes videoar, podkast og liknande, og med nettbasert refleksjons- og erfaringsdeling med medstudentar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk å vere til stades på minst 80% av dei tre samlingane og nettbaserte undervisningsaktivitetar.

Emnet har to obligatoriske arbeidskrav:

  • Omvendt undervisning (flipped classroom) der kvar student spelar inn ein video i Kaltura. Videoen vil inngå som del av vurderingsmappa.
  • Gje tilbakemelding til medstudent på bakgrunn av videoen. Zoom vert nytta.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer

Vurderingsmappe der tre arbeid inngår:

  • Innspelt video i Kaltura etter prinsipp om omvendt undervisning.
  • Multimodal tekst med sjølvvalt emne.
  • Skriftleg tekst på grunnlag av utprøving i klasserommet.

Den skriftlege teksten skal vere på om lag 1500 ord, litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna. Den multimodale teksten skal tilsvare om lag same arbeidsmengd som den skriftlege teksten. Dersom skriftleg tekst utgjer størstedelen av den multimodale teksten skal denne teksten også vere på om lag 1500 ord, litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna.

Det vert sett éin felles karakter på mappa på slutten av semesteret. Kvar av delane i mappa tel like mykje i utrekninga av karakteren.

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje aktuelt. 

Karakterskala

Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav

Litteraturliste

Pensum utgjer omlag 1000 sider av normal vanskegrad. Litteraturlista vil vere klar innan 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar blir gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for engelsk.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Studierettleiar: studierettleiar.if@uib.no Eksamensadministrasjon: eksamen.if@uib.no