Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Fagdidaktikk i engelsk i lektorutdanninga

Studiepoeng, omfang

5

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust (3. semester for studentar som tek engelsk som fag I, og 5. semester for studentar som tek engelsk som fag II).

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet har som mål å gje ei innføring i engelsk fagdidaktikk og har fire hovudområde:

  • engelskfagets legitimering og eigenart
  • sentrale styringsdokument for skolefaget
  • språklæring
  • omgrepet kommunikativ kompetanse

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Studenten

  • har kunnskap om engelskfagets utvikling
  • har innblikk i styringsdokument for skolefaget
  • har kjennskap til sentrale språklæringsteoriar og -tilnærmingar
  • har kjennskap til teoriar knytt til kommunikativ kompetanse

Dugleikar:

Studenten

  • kan analysere styringsdokument for skolefaget
  • kan reflektere over og drøfte skolepraksis i lys av relevant teori
  • kan uttrykkje seg munnleg og skriftleg på engelsk knytt til emnet

Generell kompetanse:

Studenten

  • kan reflektere over eiga læring
  • kan reflektere over og drøfte problemstillingar knytte til engelsk som skolefag
  • kan beskrive elevar si læring

Krav til forkunnskapar

Minimum 15 stp i engelsk

PEDA 120

KOPRA101

For studentar som tek engelsk som fag II: KOPRA102

Tilrådde forkunnskapar

30 studiepoeng i engelskfaglege emne på 100-nivå.

Krav til studierett

Studentar som er tekne opp på lektorprogrammet, og som tek engelsk som fag I eller fag II.

Arbeids- og undervisningsformer

12 timar førelesningar.

Seminar: 2 timar (obligatorisk oppmøte).

Seminar: 2 dagar for- og etterarbeid knytt til emnet KOPRA102 for studentar som tek engelsk som fag I, og 2 dagar for- og etterarbeid knytt til praksisemnet KOPRA103 for studentar som tek engelsk som fag II.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Emnet har tre obligatoriske krav som må vere møtt for å kunne gå opp til eksamen:

1) Studentane må ha delteke på eit seminar om lesing og skriving av akademiske tekstar innanfor fagområdet.

2) 2 dagar for- og etterarbeid knytt til praksisemnet KOPRA102 for studentar som tek engelsk som fag I.

2) 2 dagar for- og etterarbeid knytt til praksisemnet KOPRA103 for studentar som tek engelsk som fag II.

3) Det er 80% oppmøteplikt på forelesingane.

Vurderingsformer

Eksamensforma er ein 4 timar digital skoleeksamen, alternativt ein 4 timar vanleg skoleeksamen. Nærare informasjon blir gitt i studiet. Eksamen skal skrivast på engelsk, og rett og god språkføring vert vektlagd.

Hjelpemiddel til eksamen

Læreplanverket LK06/13 .

Karakterskala

Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Haust. Det er òg eksamen tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06 for haustsemesteret. Pensum utgjer om lag 350 sider av normal vanskegrad.

Emneevaluering

Emneevalueringar blir gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg går fram av informasjonen om emnet på Mitt UiB.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skoleeksamen

    Dato
    25.11.2019, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    11.11.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen