Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Fagdidaktikk i engelsk for integrert lærarutdanning

  • Studiepoeng5
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeENGDI201
  • Talet på semester1
  • SpråkEngelsk og norsk.
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

5

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å gi studentane ei vidare innføring i fagfeltet engelsk fagdidaktikk.

Innhald:

Studiet tar opp tema som språk, tekst, kultur, kompetanse og danning, tilrettelegging for læring.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Studenten

  • har innsikt i språk, tekst og sjanger, og kan sjå desse i eit kulturperspektiv
  • har innsikt i engelsk som danningsfag og ferdigheitsfag
  • har innsikt i grunnleggjande ferdigheiter og læringsprosessar i engelskfaget

Ferdigheiter:

Studenten

  • kan lage undervisningsopplegg der arbeidsformer og innhald er knytt til grunnleggjande forståing og innsikt i læringsprosessar i engelskfaget
  • kan beskrive kjenneteikn på kompetanse i engelskfaget

Generell kompetanse:

Studenten

  • kan uttrykkje seg munnleg og skriftleg på engelsk innan fagfeltet

Krav til forkunnskapar

Minimum 55 studiepoeng i engelsk på 100-nivå i lingvistikk og litteratur inkludert 5 studiepoeng engelsk fagdidaktikk.

Krav til studierett

Opptak til lektorutdanning ved Det humanistiske fakultet.

Arbeids- og undervisningsformer

12 timar forelesing og to til åtte timar seminar. Talet på studentar avgjer timetalet for seminara.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er 80% oppmøteplikt på førelesingane.

I tillegg skal studentane i grupper leggje fram eit arbeid der dei presenterer eit undervisningsopplegg munnleg og drøftar dette i lys av fagdidaktisk teori. For at studenten skal kunne gå opp til eksamen, må dette arbeidet vere godkjent. Det er obligatorisk oppmøte på seminara der dette skal gjennomførast.

Studentar som er på utveksling dette semesteret får eit alternativt opplegg for obligatorisk aktivitet etter avtale med faglærar.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

Ikkje-rettleia oppgåve med oppgitt emne.

Lengda på oppgåva er 2000 ord (± 10 %), og den vert skriven på engelsk. Nærare retningsliner for oppgåver vert gitt i studiet.

Studentar som er på utveksling dette semesteret har same eksamen som dei andre studentane med mindre det fins kompatible fagdidaktikkeiningar der dei er.

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje aktuelt

Karakterskala

Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.12. Pensum utgjer om lag 350 sider av normal vanskegrad.

Emneevaluering

Undervisinga vert evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvaret for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg går fram av informasjonen om emnet på Mitt UiB.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Oppgave utleveres
    13.09.2019, 09:00
    Innleveringsfrist
    20.09.2019, 13:00
    Trekkfrist
    30.08.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen