Hjem
Utdanning
Masteremne

Fagdidaktikk i engelsk for integrert lektorutdanning

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeENGDI301
  • Talet på semester1
  • SpråkEngelsk og norsk
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vårsemesteret, 8. semester i lektorutdanningsprogrammet for studentar med engelsk som førstefag.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet skal gi studentane ei vidareføring i fagfeltet fagdidaktikk innanfor tre hovudområde:
- Strategiar for språkkompetanse
- Tekstforståing og læringsprosessar
- Rettleiing og vurdering

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • kan drøfte problemstillingar som gjeld vilkår for læring og kompetanseutvikling
  • kan undersøke læring og/eller tilrettelegging for læring i eige klasserom i engelskundervisninga ved hjelp av fagkunnskap og fagdidaktisk teori, og presentere refleksjon over dette
  • kan formidle og kommunisere faglege problemstillingar knytt til profesjonsutøving innan engelskfaget på eit fagleg avansert nivå

Ferdigheiter

Studenten

  • kan vurdere læremiddel og arbeidsformer i engelskfaget i relasjon til dei ulike emna i skolefaget, og kan grunngi val og vurderingar i samsvar med eige fagsyn.
  • kan rettleie elevane i deira læringsprosessar på grunnlag av teoriar om språk, tekst og kultur, og kunne vurdere elevane sitt læringsutbyte

Generell kompetanse

Studenten

  • kan uttrykkje seg munnleg og skriftleg på engelsk innan fagfeltet

Krav til forkunnskapar

100-nivå og 200-nivå i engelsk språk, litteratur og engelsk fagdidaktikk; 100-nivå i fag II og gjennomført praksis i skolen i 7. semester.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Opptak til lektorutdanning ved Det humanistiske fakultet

Arbeids- og undervisningsformer

16 timar forelesing og to timar seminar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane skal ha levert eit førsteutkast til prosjektoppgåve, og fått rettleiing på denne.

Det er 80% oppmøteplikt på forelesingane.

Vurderingsformer

Eksamensforma er ei rettleia prosjektoppgåve på 4000 ord der studentane sjølve vel tema og problemstilling. Nærare retningsliner for oppgåva vert gitt i studiet.

Oppgåva vert skriven på engelsk.

Ved eksamen i det følgjande semesteret leverer studenten som har oppfylt krava om rettleiing i undervisningssemesteret den omarbeidde semesteroppgåva utan vidare rettleiing.

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje aktuelt

Karakterskala

Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.12. for vårsemesteret. Pensum utgjer om lag 700 sider av normal vanskegrad.

Emneevaluering

Undervisninga vert evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg går fram av informasjon om emnet i Mitt UiB.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet v/ institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Oppgåve

    Innleveringsfrist
    07.10.2019, 13:00
    Trekkfrist
    23.09.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen