Hjem
Studentsider
Masteremne

Engelsk språk

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master 

Fulltid/deltid

-

Undervisningssemester

Vår 

Undervisningsstad

Bergen 

Mål og innhald

Kurset skal gi studentane kunnskap om og innsikt i utvalde emne i engelsk lingvistikk med relevans for læraryrket. Innhaldet i emnet vil variere frå år til år. Tilbodet kan til dømes vere kurs med tema frå fonologi, morfologi, syntaks, variantar av engelsk, engelsk som verdspråk, skilnadar og likskapar mellom engelsk og norsk, språktileigning, diskursanalyse, mm.

Læringsutbyte

Ved fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

- har avansert kunnskap på tema som emnet omfattar

- har god kunnskap om teori, metode og/eller bruk 

Ferdigheiter

Studenten

- kan bruke kunnskap frå emnet i eigne undersøkingar

- kan reflektere over lingvistiske problemstillingar.

- kan reflektere over teoriar og metodar

- kan finne fram og vurdere relevant forskingsmateriale

Generell kompetanse

Studenten

- kan kommunisere fagleg innhald på idiomatisk engelsk (både skriftleg og munnleg)

- kan tileigne seg ny kunnskap på anvansert nivå

Krav til forkunnskapar

Jf. opptakskrava til masterstudiet.

Tilrådde forkunnskapar

-

Studiepoengsreduksjon

-

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved 2-årig erfaringsbasert master i undervisning.

Arbeids- og undervisningsformer

Tre samlingar à to vekedagar, fordelt utover semesteret.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Frammøte til samlingane er obligatorisk.

Eit munnleg innlegg, vurdert til godkjent/ikkje godkjent.

Vurderingsformer

14-dagars semesteroppgåve på om lag 4000 - 5000 ord skriven mot slutten av semesteret. Ein skal skrive oppgåva på engelsk. 

Hjelpemiddel til eksamen

-

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår og haust. 

Litteraturliste

Pensum kan omfatte både primærtekstar og språkvitskaplege tekstar, og utgjer omlag 1000 sider av normal vanskegrad.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der

Emneansvarleg

Programstyret for engelsk 

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar og eksamensadministrasjon: evu@if.uib.no

Eksamensinformasjon