Engelskspråkleg litteratur
- Studiepoeng15
- UndervisingssemesterHaust
- EmnekodeENGMAU642
- Talet på semester1
- SpråkEngelsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
15
Studienivå (studiesyklus)
Master
Fulltid/deltid
-
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
ENGMAU642 gir ei kritisk og teoretisk innføring i engelskspråkleg litteratur. Kurset fokuserer på ein periode eller sjanger i engelskspråkleg litteratur, eller på eit litterært eller interdisiplinært tema. Vidare vil det også bli gitt ei innføring i viktige spørsmål knytt til moderne litteraturteori.ENGMAU642 er ein obligatorisk del av ein erfaringsbasert master i undervisning
Læringsutbyte
Ved fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- har utvikla vidare kjennskap til disiplinen generelt
- har tileigna seg spesialisert kunnskap om temaet emnet omhandlar
- har fått kjennskap til nyare forsking på det aktuelle feltet emnet omhandlar
Ferdigheiter
Studenten
- kan drøfte tema frå engelskspråklek litteratur og/eller kultur frå ein kritisk og teoretisk ståstad, og med ein analytisk tilnærming
Generell kompetanse
Studenten
- er i stand til å arbeide med særlege teoretiske/metodiske problemstillingar over ei viss tid
- har vidareutvikla evna til å uttrykkje akademiske idéar på skriftleg og munnleg engelsk
Krav til forkunnskapar
Jf. opptakskrava til masterstudiet.
Tilrådde forkunnskapar
-
Studiepoengsreduksjon
-
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved 2-årig erfaringsbasert master i undervisning.
Arbeids- og undervisningsformer
Tre samlingar à to vekedagar, fordelt utover semesteret.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Frammøte til samlingane er obligatorisk.
Vurderingsformer
Mappevurdering med eit digitalt munnleg og to skriftlege produkt. Det
munnlege produktet kan vere podcast, video eller screencast av ein
PowerPointPresentasjon eller liknande. Dei skriftlege produkta skal vere to tekstar
på 2500 ord kvar (eksklusiv litteraturliste og vedlegg).
Oppgåvestillinga til tekst kan variere frå år til år, og kan
eksempelvis vere essay, melding (review) av vitskapleg
artikkel/kapittel, annotert bibliografi eller refleksjonsnotat. Nærare
retningsliner for munnlege og skriftlege produkt vert gitt i studiet.
Dei tre produkta har ulike leveringsfristar som blir publisert på
MittUiB.
Det vert sett éin felles karakter på mappa på slutten av semesteret. Den munnlege oppgåva tel 20% og kvar av dei skriftlege oppgåvene tel 40% av den samla karakteren.
Hjelpemiddel til eksamen
-
Karakterskala
Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Vår, haust.
Litteraturliste
Pensumet (tilsvarande 7-10 verk) kan omfatta litterære tekstar, sakprosatekstar, og teoretiske tekstar.
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der
Emneansvarleg
Programstyret for engelsk.
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.
Kontakt
Studierettleiar og eksamensadministrasjon: evu@if.uib.no
Eksamensinformasjon
Vurderingsordning: Mappevurdering
Eksamensdel: Mappedel 1 (skriftleg)
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen
Eksamensdel: Mappedel 2 (skriftleg)
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen
Eksamensdel: Mappedel 3 (munnleg)
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen