Hjem
Studentsider
Masteremne

Engelsk fagdidaktikk (i Erfaringbasert master i undervisning med fordjupning i engelsk)

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Fulltid/deltid

-

Undervisningssemester

Haust (3. semester i masterstudiet med halv progresjon.)

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet har som målsetjing å gi studentane eit fagleg grunnlag for den fagdidaktiske masteroppgåva og ei innføring i fagfeltet fagdidaktikk innanfor desse hovudområda:

- Engelskfaget si legitimering og eigenart

- Språk, tekst og kultur: kompetanse og danning

- Strategiar for språkkompetanse

- Tekstforståing og læringsprosessar

- Rettleiing og vurdering

Læringsutbyte

Ved fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  •  har kunnskap om engelskfaget si utvikling og innsikt i sentrale styringsdokument for skolefaget

 har innsikt i engelsk som danningsfag og ferdigheitsfag

  •  har kjennskap til teoriar om språk, språklæring og kommunikasjon
  • har innsikt i språk, tekst og sjanger og kan sjå desse i eit kulturperspektiv

Ferdigheiter

Studenten

  •  kan undersøke læring i eige klasserom i engelskundervisninga ved hjelp av fagkunnskap og fagdidaktisk teori, og kan presentere refleksjon over dette skriftleg og munnleg
  • kan vurdere læremiddel og arbeidsformer i engelskfaget i relasjon til dei ulike emna i skolefaget, og kan grunngi val og vurderingar i samsvar med eige fagsyn
  • kan rettleie elevane i deira læringsprosessar på grunnlag av teoriar om språk, tekst og kultur, og kan vurdere elevane sitt læringsutbytte

Generell kompetanse

  • kan uttrykkje seg skriftleg og munnleg på engelsk innanfor fagfeltet

Krav til forkunnskapar

-

Tilrådde forkunnskapar

I tillegg til opptakskrava for sjølve studiet byggjer undervisninga på 200-nivå i engelsk språk og engelskspråkleg litteratur.

Studiepoengsreduksjon

-

Krav til studierett

Opptak til Erfaringsbasert master i undervisning med fordjuping i engelsk ved Det humanistiske fakultet.

Arbeids- og undervisningsformer

Tre samlingar kvar på to vekedagar i løpet av semesteret. I tillegg kjem nettbasert kommunikasjon.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Frammøte til samlingane er obligatorisk.

For å kunne gå opp til eksamen i engelsk fagdidaktikk må studentane ha gjennomført inntil 3 obligatoriske arbeidskrav innan fastsette tidspunkt. Konkretisering av dei obligatoriske arbeidskrav framgår av semesterplanen.

Rettleiing frå faglærar på semesteroppgåva er obligatorisk.

Vurderingsformer

Eksamensforma er ei rettleia semesteroppgåve på 5000 ord der studentane sjølve vel tema og problemstilling. Nærare retningsliner foroppgåva vert gitt i studiet.

Oppgåva vert skriven på engelsk.

Hjelpemiddel til eksamen

-

Karakterskala

Ein nyttar karakterskalaen A-F, kor F er stryk.

Vurderingssemester

Haust og vår. 

Litteraturliste

Pensum utgjer omlag 1000 sider av normal vanskegrad.

Institutt for framandspråk gir forslag om spesifisert pensumliste i emnet.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for engelsk. 

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar og eksamensadministarsjon: evu@if.uib.no

Eksamensinformasjon