Hjem
Studentsider
Masteremne

Profesjon, refleksjon og erfaringsdeling

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeENGMAU644
  • Talet på semester1
  • SpråkEngelsk 
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Fulltid/deltid

-

Undervisningssemester

Haust (5. semesteret i programmet). 

Emnet går første gong hausten 2022.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Studiet skal danne grunnlaget for studentane si forståing for faget, fagdidaktiske utfordringar og profesjonsutvikling, og førebu problemstillingar og tilnærmingar som let seg utvikle vidare i ei masteroppgåve. Emnet blir avslutta med ei prosjektskisse for masteroppgåva.

Emnet inngår som innleiande del av masteroppgåva. 

Studenten får rettleiing undervegs og skal leggje arbeidet fram på prosjektseminar. Ein føreset at studenten òg er med på drøftingar av planane til medstudentar.

Læringsutbyte

Studenten kan

  •  reflektere over eigen praksis i skulefaget i lys av teoretiske perspektiv og nyare forsking
  •  reflektere over eigen profesjonsidentitet som engelsklærar
  • utvikle kunnskap om krav til masteroppgåva, form og innhald
  • orientere seg i forsking på område som er relevante for oppgåva
  •  samle inn relevant forskingsmateriale
  • meistre akademisk skrivedugleik
  • presentere og diskutere prosjektplanar

Krav til forkunnskapar

Opptak til Erfaringsbasert master i undervisning med fordjuping i engelsk

Tilrådde forkunnskapar

-

Studiepoengsreduksjon

-

Krav til studierett

Opptak til masterstudiet i undervisning med fordjuping i engelsk ved Det humanistiske fakultet.

Arbeids- og undervisningsformer

Ettersom studiet har eiga finansiering, er omfanget av undervisninga til ei kvar tid avhengig av tilførte midlar. Det omfanget som er omtalt her, kan difor verte redusert om finansieringa ikkje strekkjer til.

Undervisninga i emnet er knytt til fagsamlingar i det 5. semesteret. Ordinær undervisning har eit omfang på om lag 24 timar, og i tillegg kjem arbeidsseminar og nettbasert arbeid.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Frammøte til samlingane er obligatorisk. Konkretisering av dei obligatoriske kursoppgåvene går fram av semesterplanen. Rettleiing frå faglærar på prosjektskissa er obligatorisk.

Vurderingsformer

Ei rettleidd prosjektskisse til masteroppgåva med eit omfang på

4000-5000 ord.

Prosjektskissa skal ha ei overordna problemformulering og klar avgrensing av temaet, gjerne òg arbeidshypotesar. Ein skal også gjere greie for relevant metode/modell, kjelder og mogeleg datagrunnlag. Prosjektskissa skal dokumentere kjennskap til relevant faglitteratur og ha eit utkast til bibliografi. Det skal skisserast ein framdriftsplan for masteroppgåva.

Oppgåva vert skriven på engelsk.

Hjelpemiddel til eksamen

-

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein greidd/ikkje greidd.

Vurderingssemester

Haust og vår.

Litteraturliste

Studentane pliktar å skaffe seg kjennskap til den faglitteraturen som deltaking i undervisning, obligatoriske aktivitetar og prosjektskisseskriving krev. Den ferdig innleverte prosjektskissa skal ha ei litteraturliste som speglar det teoretiske, metodiske og faghistoriske grunnlaget for masterprosjektet

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for engelsk. 

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Studierettleiar og eksamensadministrasjon: evu@if.uib.no