Hjem
Studentsider
Masteremne

Erfaringsbasert masteroppgåve i undervisning med fordjupning i engelsk

  • Studiepoeng45
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeENGMAU655
  • Talet på semester3
  • SpråkEngelsk. 
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

45

Studienivå (studiesyklus)

Master

Fulltid/deltid

-

Undervisningssemester

Haust og vår. 

Emnet byrjar å gå frå våren 2024.

Undervisningsstad

Bergen. 

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å gjere studenten i stand til å skrive ei fagdidaktisk masteroppgåve om eit sjølvvalt emne.

Innhald:

Studiet skal oppøve evne til sjølvstendig, kritisk og metodisk arbeid og høveleg framstillings- og dokumentasjonsteknikk.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten har

  • brei generell kunnskap innanfor faget og inngåande kunnskapar innanfor eit avgrensa område
  • grunnleggjande kunnskap om dei sentrale problemstillingane og metodane i engelsk fagdidaktikk

Ferdigheiter

Studenten kan

  • arbeide sjølvstendig og langsiktig med problemløysing på grunnlag av faglege kunnskapar
  • setje seg inn i og vurdere kritisk teoriar, metodar og tolkingar innanfor fagområdet
  • gjennomføre eit avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer

Generell kompetanse

Studenten

  • kjenner normene for akademisk skriving
  • kan uttrykkje på engelsk fagdidaktiske problemstillingar, analysar og konklusjonar
  • kjenner til relevante kommunikative sjangrar

Krav til forkunnskapar

Studentane må ha avlagt eksamen i litteraturemnet og språkemnet som blir tilbode på studiet, samt emna Engelsk fagdidaktikk og Vitskapeleg metode og erfaringsdeling. I tillegg må prosjektskissa frå Profesjon, refleksjon og erfaring må vere godkjent.

Tilrådde forkunnskapar

-

Studiepoengsreduksjon

-

Krav til studierett

Opptak til Erfaringsbasert master i undervisning med fordjuping i engelsk ved Det humanistiske fakultet.

Arbeids- og undervisningsformer

Individuell rettleiing

Seminar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Leggje fram eit kapittelutkast og gje tilbakemelding på kapittelutkast presentert av medstudent.

Vurderingsformer

Masteroppgåva skal skrivast på engelsk og vere på mellom 60 og 100 sider. (Sjå rettleiing for skriving av masteroppgåve.)

Den munnlege prøva har tilknyting til masteroppgåva og kan justere karakteren for masteroppgåva opp eller ned med ein karakter.

Alle obligatoriske arbeidskrav må vere oppfylte for at ein skal kunne møte til eksamen.

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje relevant

Karakterskala

Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk

Vurderingssemester

Innlevering av masteroppgåva skal skje i det 8. semesteret i programmet. 

Litteraturliste

-

Emneevaluering

Emneevalueringar blir gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for engelsk. 

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet

Kontakt

Studierettleiar og eksamensadministrasjon: evu@if.uib.no