Hjem
Studentsider
Masteremne

Rettsleg, politisk og økonomisk handlingsrom for kommunal leiing

  • Studiepoeng20
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeEXECUTIVE660
  • Talet på semester2
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

20 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

MA-nivå, EVU-emne

Fulltid/deltid

Deltid

Undervisningssemester

Haust og vår.

Undervisninga startar om hausten og går gjennom heile studieåret. Eksamen i slutten av vårsemesteret.

Undervisningsstad

Det juridiske fakultet, Bergen.

Mål og innhald

Leiing i kommunal sektor blir utøvd i eit spenningstilhøve mellom politisk styring, krevjande regelverk og stadig aukande endringstakt i samfunnet. Leiarar i kommunar og fylkeskommunar må difor vere fleksible og ha kompetanse innanfor ei rekke ulike fagfelt. Emnet er innretta for at studentar som er eller ynskjer å bli leiarar i kommunal sektor kan tileigne seg inngåande kunnskapar om dei rettslege, politiske og økonomiske rammene som gjeld for leiing av kommunar og fylkeskommunar. Studentane utviklar også ferdigheiter og kompetanse som er naudsynte for at kommunale leiarar kan ta i bruk handlingsrommet dei har til å drifte og utvikle komplekse offentlege organisasjonar. Emnet skal gje studentane eit naudsynt grunnlag for å drive innovasjons- og forbetringsarbeid og gjennomføre organisatoriske endrings- og omstillingsprosessar i kommunar og fylkeskommunar.

Juridiske, samfunnsøkonomiske og statsvitskaplege perspektiv er integrert i emnet og sikrar ei tverrfagleg tilnærming til aktuelle problemstillingar. Sentrale tema som studentane jobbar med er kommunelova sine rammer for organisering og vedtaksprosessar, rettslege rammer for økonomiforvaltning og planarbeid i kommunane, forvaltningslova sine reglar om habilitet og teieplikt, tilretteleggjing for effektiv ressursbruk, organisering av kommunal økonomisk aktivitet, kommunalpolitikk og reformer i offentleg sektor, tilhøvet mellom stat og kommune, organisasjonsdesign og organisatorisk endring.

Emnet er todelt. Den første delen omfattar særtrekk ved kommunar og fylkeskommunar som offentlege organisasjonar, korleis dei kan organiserast og korleis dei gjer sine vedtak. Den andre delen legg vekt på statleg kontroll med kommunar og fylkeskommunar, rettslege og samfunnsøkonomiske prinsipp for gjennomføring av offentlege innkjøp og kva rammer statsstøttereglane i EØS-avtalen sett for organisering av økonomisk aktivitet i kommunal sektor. Studentane lærer korleis kommunar og fylkeskommunar fungerer og korleis dei kan utnytte handlingsrommet kommunale leiarar har til å utvikle og forbetre organisasjonane.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Kandidaten kan:

  • identifisere og drøfte særtrekk ved kommunar og fylkeskommunar som offentlege organisasjonar
  • samanlikne og vurdere ulike organisasjonsløysingar og styringsformer i kommunal sektor
  • analysere moglegheiter og avgrensingar i organisasjonsdesign og organisatorisk endring
  • vurdere det rettslege, politiske og økonomiske handlingsrommet til å utvikle og forbetre eigen organisasjon

Ferdigheiter

Kandidaten kan:

  • koordinere endrings- og omstillingsprosessar i eigen organisasjon
  • leie kompleks saksbehandling innanfor gjeldande rettslege, politiske og økonomiske rammer og iverksetje vedtak fatta i folkevalde organ
  • tilretteleggje for effektive offentlege innkjøpsprosessar i tråd med regelverket
  • organisere kommunal økonomisk verksemd i tråd med EØS-regelverket for statsstøtte

Krav til forkunnskapar

Deltakarane må ha minst 3 års høgare utdanning tilsvarande bachelorgrad, cand.mag.-grad eller annan grad eller yrkesutdanning av minimum tre års omfang. I tillegg er det krav om minst to års relevant yrkespraksis. UiB vurderer kva som er relevant yrkespraksis.

Tilrådde forkunnskapar

Ikkje relevant.

Studiepoengsreduksjon

Ingen overlapp.

Krav til studierett

Opptak til EXECUTIVE660

Arbeids- og undervisningsformer

Emnet er innretta for at studentar som er- eller ynskjer å bli leiarar i kommunal sektor kan tileigne seg kunnskapar om rammene som gjeld og bruke moglegheitsrommet for å drifte og utvikle komplekse offentlege organisasjonar. Undervisninga kombinerer forelesingar og oppgåveløysing i mindre grupper. Det er eit mål å bruke studentane sine erfaringar aktivt slik at studentane sjølve identifiserer praksisnære problem dei ynskjer å finne løysingar på, eller konkrete utfordringar i eigen organisasjon som dei ynskjer å undersøke nærmare.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk oppmøte på undervisningssamlingane. Det er eit obligatorisk arbeidskrav å levere eit refleksjonsnotat i etterkant av kvar undervisningssamling. Utrekninga av deltaking blir gjort slik det er fastsett i "Retningslinjer for utregning av obligatorisk deltakelse."

Vurderingsformer

Heimeeksamen 8 timar.

Hjelpemiddel til eksamen

Informasjon om tillatte hjelpemiddel finst under § 3-5 flg i fakultetets utfyllende reglar .

Karakterskala

A til E for bestått og F for ikkje bestått.

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

 Litteraturlista vil vere klar innan 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.

Emneevaluering

I tråd med retningslinjer for evaluering av emner ved Det juridiske fakultet.

Programansvarleg

Studieutvalet har programansvaret for studietilbod ved fakultetet.

Emneansvarleg

Førsteamanuensis Roald Hopsnes

Administrativt ansvarleg

Studieseksjonen ved det juridiske fakultet