Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Juridisk forprøve

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeEXFAC
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

BA-nivå

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Det juridiske fakultet, Bergen

Mål og innhald

Exfac - juridisk forprøve - er ein introduksjon til jusstudiet.

Læringsutbyte

Kandidatane har kunnskapar om og forståing av

  • samspelet mellom juss, politikk og alminneleg samfunnsdebatt
  • kva ein rettsregel er og korleis slike reglar blir til og blir endra
  • rettsreglane sine samfunnsmessige funksjonar
  • dei sentrale institusjonane i det norske rettssystemet, medrekna samanhengar mellom nasjonal og internasjonal rett
  • krava som blir stilte til ein rettsstat
  • rettsbrukaren sine oppgåver og ansvar i rettsstaten
  • korleis retten oppnår legitimitet i samfunnet

Kandidatane oppnår dugleik og generell kompetanse til å kunne

  • forklare kva eit rettsspørsmål er og korleis juristar grip fatt i og løyser slike spørsmål
  • søkje etter relevante juridiske argument og identifisere verdimessige spenningar og konfliktar mellom desse
  • munnleg presentere kursoppgåver i grupper
  • skape og delta i munnleg diskusjon om rettsspørsmål i grupper
  • utarbeide eit sjølvstendig skriftleg kursoppgåvesvar
  • skriftleg løyse ei praktisk juridisk problemstilling

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Ingen overlapp med emner ved Det juridiske fakultet

Krav til studierett

MAJUR

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar, seminargrupper, ei praktisk oppgåve i juridisk metode og tilbakemeldingar på arbeidet med ei seminaroppgåve.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  1.  Alle elementa i obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende for at kursgjennomføringa kan godkjennast. Kursgjennomføringa må vere godkjend for at ein kan framstille seg til eksamen.
  2. Godkjenninga gjeld berre i inneverande studieår, det vil seie for første ordinære eksamen og første kontinuasjonseksamen. Dersom eksamen ikkje er greidd etter det, må heile kurset takast på nytt.
  3. Innhaldet i dei obligatoriske arbeidskrava:
    1. 75 % deltaking i seminara.
    2. Skriftleg disposisjon for seminaroppgåva. Dette er eit gruppearbeid. Disposisjonen skal leverast pr. e-post til seminarleiar dersom ikkje noko anna er opplyst. Disposisjonen blir kommentert av seminarleiar.
    3. Munnleg presentasjon av tema for seminaroppgåva på seminarsamling. Dette er eit gruppearbeid.
    4. Skriftleg førsteutkast til seminaroppgåva. Dette er eit sjølvstendig, individuelt arbeid. Førsteutkastet skal leverast pr. e-post til seminarleiar dersom ikkje noko anna er opplyst. Utkastet blir kommentert av seminarleiar.
    5. Diskusjonsoppgåve: Førebu og leie ein munnleg diskusjon over eit gitt tema. Dette er eit gruppearbeid.
    6. Øvingsoppgåve: Oppgåvesvar på felles oppgåve i juridisk metode. Dette er eit sjølvstendig, individuelt arbeid. Svaret på oppgåva skal leverast i Kark dersom ikkje noko anna er opplyst. Svaret på oppgåva blir retta og kommentert av arbeidsgruppeleiarar for første studieår.

Vurderingsformer

1. Vurderinga (eksamen) er sett saman av to separate eksamensdeler, der begge må vere greidd:

a. Seminaroppgåve. Dette er eit sjølvstendig, individuelt arbeid som skal leverast i Inspera dersom ikkje noko anna er opplyst.

b. Heimeeksamen. Dette er ein tre timars skriftleg, individuell, heimeeksamen.

2. Begge eksamensdelane må vere greidde for at emnet skal vere greidd.

a. Der begge eksamensdelane blir vurderte til Ikkje greidd ved ordinær eksamen, blir det gjeve tilgang til kontinuasjonseksamen for begge eksamensdelane.

b. Der ein eksamensdel blir vurdert til Ikkje greidd ved ordinær eksamen, blir det gjeve tilgang til kontinuasjonseksamen for den aktuelle eksamensdelen.

c. Der eksamen ikkje er greidd etter kontinuasjonseksamen, må heile kurset takast på nytt, sjå punkt b. under Obligatoriske arbeidskrav.

3. Karaktersystem: Greidd/ Ikkje greidd.

Andre reglar:

1. Dei individuelle arbeida i arbeidskrava blir regulerte av reglane for kursoppgåver så langt dei høver.

2. Seminaroppgåva blir regulert av reglane for heimeeksamen så langt dei høver.

Hjelpemiddel til eksamen

Digitale hjelpemidler

Se fakultetets utfyllende regler § 3-5 a. Digitale utgaver av Bokmålsordboka og Nynorskordboka vil være tilgjengelige i Inspera under eksamen.

I dette emnet er det ingen ekstra hjelpemidler.

Analoge hjelpemidler

Analoge hjelpemidler er utfaset fra og med studieåret 2020/21, se SU-sak 61/20.

Karakterskala

Greidd/ikkje greidd.

Vurderingssemester

Haust

Litteraturliste

Litteraturlisten vil være klar innen 1. juni for høstsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.

Emneevaluering

I samsvar med retningsliner for evaluering av emne ved Det juridiske fakultet.

Programansvarleg

Studieutvalget ved det juridiske fakultet.

Emneansvarleg

Professor Synne Sæther Mæhle og professor Ragna Aarli.

Administrativt ansvarleg

Studieseksjonen ved det juridiske fakultet