Examen facultatum, Akademisk skriving
- Studiepoeng10
- UndervisingssemesterVår, Haust
- EmnekodeEXFAC00AS
- Talet på semester1
- Språk Norsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
10
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningssemester
Haust og/eller vår
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Emnet har som mål å gi ei innføring i korleis ein skriv faglege tekstar. Emnet skal formidle forståing for den akademiske sjangeren og dei arbeidsmåtane ein nyttar i utarbeidinga av ein fagtekst.
Emnet tek mellom anna opp:
- å finne tema og utvikle ei problemstilling innan eit relevant fagfelt, fortrinnsvis på studenten sitt eige studieprogram
- å finne litteratur og anna materiale til oppgåva
- kjeldekritikk
- refererande, analyserande og diskuterande skrivemåtar
- struktur og oppbygging av fagtekst
- direkte og indirekte sitat, god sitatskikk og skriving av litteraturliste
Emnet er nyttig for alle som seinare skal skrive fagoppgåver ved universitet og høgskular.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten skal
- kjenne prinsippa for reieleg bruk av litteratur og andre kjelder
- ha brei kunnskap om sentrale kjennemerke ved den akademiske sjangeren
- ha kjennskap til prosessorientert skriveteori
- ha kunnskap om ulike former for respons til fagtekster
Ferdigheiter
Studenten kan
- utvikle faglege problemstillingar
- finne, vurdere og bruke litteratur og anna material aktivt i faglege tekstar, også ved hjelp av digitale hjelpemiddel
- nytte ulike skrivemåtar som til dømes refererande, analyserande og drøftande.
- argumentere og dokumentere akademisk
- strukturere og utarbeide tekstar med god tekstbinding
- produsere tekstar som tilfredsstiller typografisk krav i den akademiske sjangeren ved hjelp av digitale hjelpemiddel
Generell kompetanse
Studenten skal
- kunne utvikle, revidere og ferdigstille ein fagleg tekst som tilfredsstiller krava i den akademiske sjangeren
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
Det blir brukt arbeids- og undervisningsformer som legg til rette for studentaktivitet. Undervisninga omfattar også førelesingar og seminarundervisning i mindre grupper, kombinert med tekstrespons frå undervisar og medstudentar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studenten skal
- levere inn første- og andreutkast til semesteroppgåva innan fastsette fristar
- møte til to individuelle rettleiingar om semesteroppgåva
Dei to utkasta er berre gyldige i same semester som eksamensmeldinga.
Vurderingsformer
Rettleidd semesteroppgåve på ca. 3000 ord. Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan få semesteroppgåva vurdert.
Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Haust og/eller vår
Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emne vert evaluert jamnleg.
Kontakt
Eksamensinformasjon
Vurderingsordning: Semesteroppgåve
- Innleveringsfrist
- 25.11.2022, 13:00
- Trekkfrist
- 04.11.2022
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen