Examen philosophicum - seminarmodell
- Studiepoeng10
- UndervisingssemesterHaust
- EmnekodeEXPHIL-HFSEM
- Talet på semester1
- SpråkNorsk
- Ressursar
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Examen philosophicum skal gi studentane ei innføring i universitetet sine tenkje-, arbeids- og skrivemåtar. Vidare skal ex.phil. gi filosofiske perspektiv på akademisk kultur og danning, og på sentrale spørsmål innan dei humanistiske vitskapane. Studentane skal gjere seg kjent med verkty ein kan bruke til å analysere tekstar og bidra til klårleik i språkbruk og argumentasjon, både innanfor humaniora og i det breiare akademiske og offentlege ordskifte.
Læringsutbyte
Kunnskapar
Ved fullført emne har studenten kjennskap til utvalde filosofiske emne som har relevans for dei humanistiske vitskapane, til dømes kunnskapsteori, etikk, estetikk og språk- og argumentasjonslære.
Dugleikar og kompetanse
Studenten meistrar
- bruk av filosofiske omgrep i analytisk og kritisk drøfting av problemstillingar frå dei humanistiske vitskapane og offentleg debatt
- bruk av språk- og argumentasjonsteori på tekstar innanfor dei humanistiske vitskapane og offentleg debatt
- grunnleggjande normer for skriftleg og munnleg akademisk framstilling, som klårleik, sjølvstende og reieleg kjeldehandsaming
Krav til forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Alle emna med ein emnekode som begynner med EXPHIL- er fakultetsvariantar av det same emnet. Det er derfor full fagleg overlapp mellom desse emnekodane, slik at ein berre kan få utteljing i studiepoeng for eitt av dei, og antall vurderingsforsøk blir telte på tvers av fakultetsvariantane, jf. Forskrift om opptak, studier, vurdering og grader ved Universitetet i Bergen, § 6.8.
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen. Studentar utan studierett kan ikkje søkje om å gå opp til særskilt eksamen i emnet.
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Undervisninga har form av førelesingar og seminarsamlingar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Pga. koronasituasjonen er dei obligatoriske arbeidskrava endra for haustsemesteret 2020.
Hausten 2020 skal studenten:
- levere gruppearbeid i forkant av seminaret der temaet for seminaroppgåva blir tatt opp
- få godkjent minst 50% av emnets læringspakker
- levere utkast til seminaroppgåve
- møte til rettleiing (digitalt, ev. på campus)
Godkjenninga er gyldig berre i semesteret for godkjenning.
Vurderingsformer
Studenten skal skrive ei seminaroppgåve undervegs i kurset.
Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan få oppgåva vurdert.
Karakterskala
I vurderinga på emnet nyttar ein karakterskalaen A-F.
Vurderingssemester
Haust
Litteraturliste
Examen philosophicum har spesialtilpassa pensum for kvar fakultetsvariant. Studenten skal også setje seg inn i tilleggslitteratur knytt til seminaroppgåva studenten arbeider med.
Emneevaluering
Evaluering av emnet vert gjort med jamne mellomrom.