Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Examen philosophicum - skuleeksamen

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

 

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Examen philosophicum skal gi studentane ei innføring i universitetet sine tenkje-, arbeids- og skrivemåtar. Vidare skal ex.phil. gi filosofiske perspektiv på akademisk kultur og danning. MO-varianten skal introdusere studentane for filosofiske perspektiv på sentrale spørsmål i helsevitskapane, og for verkty som kan brukast til å analysere tekstar både innanfor helsevitskapen og i det offentlege ordskiftet om helsespørsmål.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Ved fullført emne har studenten kjennskap til utvalde filosofiske emne som har relevans for helsevitskapane, til dømes kunnskapsteori, vitskapsteori, etikk og sinnsfilosofi.

Dugleikar og kompetanse

Studenten meistrar

- bruk av filosofiske omgrep i analytisk og kritisk drøfting av problemstillingar frå helsevitskap og offentleg helsedebatt

- bruk av sentrale omgrep frå etikk og helsevitskapanes vitskapsteori på analyse av tekstar innanfor helsevitskap og offentleg helsedebatt

- grunnleggjande normer for skriftleg og munnleg akademisk framstilling, som klårleik, sjølvstende og reieleg kjeldehandsaming

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

 

Studiepoengsreduksjon

Alle emna med ein emnekode som begynner med EXPHIL- er fakultetsvariantar av det same emnet. Det er derfor full fagleg overlapp mellom desse emnekodane, slik at ein berre kan få utteljing i studiepoeng for eitt av dei, og talet på vurderingsforsøk blir telte på tvers av fakultetsvariantane, jf. Forskrift om opptak, studier, vurdering og grader ved Universitetet i Bergen, § 6.8.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga har form av førelesingar.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga har form av førelesingar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

Ein skriftleg skuleeksamen (4 timar). Skuleeksamen i emnet kan bli arrangert som digital eksamen.

Ingen hjelpemiddel er tillatne på eksamen. (Men studentar utan norsk som morsmål kan vende seg til instituttet for informasjon om bruk av ordbøker.)

Karakterskala

I vurderinga på emnet nyttar ein karakterskalaen A-F

Vurderingssemester

Haust og vår

Litteraturliste

Examen philosophicum har spesialtilpassa pensum for kvar fakultetsvariant.

Emneevaluering

Evaluering av ex.phil. vert gjort med jamne mellomrom.

Programansvarleg

-

Administrativt ansvarleg

Institutt for filosofi og førstesemesterstudium

Kontakt

Institutt for filosofi og førstesemesterstudium

E-post: exphil@uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skoleeksamen

    Dato
    12.12.2022, 15:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    28.11.2022
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen