Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Examen philosophicum - skuleeksamen

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Examen philosophicum skal gi studentane ei innføring i universitetet sine tenkjemåtar. Vidare skal ex.phil. gi filosofiske perspektiv på akademisk kultur og danning, og på sentrale spørsmål i samfunnsvitskapen.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Ved fullført emne har studenten kjennskap til utvalde filosofiske emne som har relevans for samfunnsvitskapen, til dømes kunnskapsteori, etikk, politisk filosofi og språk- og argumentasjonsteori.

Dugleikar og kompetanse

Studenten meistrar

- bruk av filosofiske omgrep i analytisk og kritisk drøfting av problemstillingar frå samfunnsvitskap og offentleg debatt

Krav til forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Alle emna med ein emnekode som begynner med EXPHIL- er fakultetsvariantar av det same emnet. Det er derfor full fagleg overlapp mellom desse emnekodane, slik at ein berre kan få utteljing i studiepoeng for eitt av dei, og talet på vurderingsforsøk blir telte på tvers av fakultetsvariantane, jf. Forskrift om opptak, studier, vurdering og grader ved Universitetet i Bergen, § 6.8.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen. Kandidatar utan studierett kan søkje om å gå opp til særskilt eksamen i emnet. Sjå informasjon om korleis du søkjer om dette på: http://www.uib.no/hf/utdanning/opptak/saerskilt-eksamen-ved-det-humanistiske-fakultet

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga har form av førelesingar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studenten skal skrive ei øvingsoppgåve.

Øvingsoppgåva er gyldig i det semesteret ho er levert inn og i det påfølgjande semesteret. Det er mogeleg å levere øvingsoppgåve både i haust- og vårsemesteret.

Vurderingsformer

Våren 2020 er vurderingsforma endra frå skuleeksamen til hjemmeeksamen 5 timar, som tiltak mot spreiing av koronavirus.

Karakterskala

I vurderinga på emnet nyttar ein karakterskalaen A-F.

Vurderingssemester

Haust og vår

Litteraturliste

Examen philosophicum har spesialtilpassa pensum for kvar fakultetsvariant.

Emneevaluering

Evaluering av ex.phil. vert gjort med jamne mellomrom.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for filosofi og førstesemesterstudium

E-post: exphil@uib.no

Eksamensinformasjon

  • Skriftlig eksamen vil ikke foregå på campus våren 2020. Se emnet på MittUiB for mer informasjon.

  • Vurderingsordning: Skriftleg eksamen heime

    Dato
    11.05.2020, 09:00
    Varigheit
    5 timer
    Trekkfrist
    27.04.2020
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen