Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Fagdidaktikk 1

Studiepoeng, omfang

Emnet har eit omfang på 15 studiepoeng og er normert til eitt semesters fulltidsstudium

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Mål og innhald

Emnet har som mål at kunstnere og designere utviklar kunnskap om deira fags tyding, posisjon, relevans,

progresjon og verdi, i eit bredt spekter av undervisnings- og formidlingsformer. Dette gjeld i forhold i

skolen, og i ein større samfunnsmessig samanheng.Emnet skal medverke til at kandidatane utviklar innsikt i

den prosessen det er å planlegge, tilrettelegge ogvurdere og reflektere over undervisning og formidling i

kunst- og designfagene. Emnet fokuserer særskild på undervisning i grunnskolen.

Kandidatene skal tilegne seg kunnskap om sentrale aspekt ved læringsprosesser i kunst og design, og

kunne reflektere over samanhengen mellom eigen kunnskap, undervisning og elevenes læring. I løpet av

studiet skal dei reflektere over paradokser og dilemmaer som kan knyte seg til det å være

kunstnar/designar og lærar i kunst og design.

Emnet skal skape forståing for samtidskunstens og -designens betydning og potensiale som kilde for

erfaringar, opplevelse og læring for elevene.

Gjennom studiet skal kandidatene få kjennskap til lovverk og planer som regulerer utdanningsfeltet for

kunst og designfagene, og kritisk kunne analysere og vurdere plassen som faga har i skolen.

Sentrale tema

* Undervisingsplanlegging 5-10.trinn

* Læringsprosessar i kunst og design

* Grupper og gruppeprosesser

* Prosjektarbeid

* Vurderingsarbeid i kunst og design, spesielt retta mot grunnskolen

* Rollen som lærar i relasjon til rollen som kunstnar/ designar

Læringsutbyte

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten:

har brei kunnskap om kunst -og designfagenes plass, begrunnelse og progresjon i skolen, basert

på eit felles verdigrunnlag om demokrati, kulturelt og sosialt mangfold, bærekraftig utvikling,

likestilling og likeverd.

har kunnskap om de ulike aspekta ved kunst-og designlæraryrket, og korleis desse kan utviklast.

har brei kunnskap om barn og unges utvikling, og forståelse for de ulike prosessene som

påverkar elevenes motivasjon og læring i kunst og design.

har brei kunnskap om lov- og planverk, skolen som organisasjon, rammebetingingar og

styringsstruktur.

Ferdigheiter:

Studenten:

kan planlegge, gjennomføre, reflektere over og vurdere undervisning i kunst og design, på relevante

trinn og læringsarenaer, basert på læreplanar, forskning, kunstnerisk utviklingsarbeid og eigen

erfaring.

kan differensiere relevante og varierte arbeidsmåter og arbeidsmetoder som motiverar, utfordrar

og inkluderer elevar, og kan tilpasse opplæringa til interessene som eleven har, og til læringstempo

og kunnskapsnivå.

kan skape gode læringssituasjonar, kjenneteikna ved dialog, toleranse, respekt og omsorg for

elevane.

kan beskrive kjenneteikn på kompetanse til elevane, vurdere underveis, og kommunisere

vurderingsarbeidet til elever/foresatte og kollegaer.

Generell kompetanse:

Studenten:

innehar en profesjonell holdning, og kan kritisk reflektere over faglige, profesjonsetiske og fag- og

utdanningspolitiske spørsmål

kan vidareutvikle eigen kompetanse og bidra til både kollegers og skolens utvikling

Krav til studierett

Emnet inngår i studieprogrammet Praktisk-pedagogisk utdanning for kunstnarar og designarar og kan takast av studentar som er tekne opp ved programmet.

Arbeids- og undervisningsformer

Arbeids- og undervisningsformer

I emnet vert det lagt vekt på studentaktive arbeids -og undervisningsformer, i førelesningar, på seminar, i

gruppearbeid og i workshops.

Studentane lærer i høg grad av kvarandre, og medstudentvegleidning er mykje brukt i samband med

oppgåver som skal løysast eller skrivast.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er krav om 80 % frammøte på undervisning, og all undervisning er obligatorisk.

Det er to obligatoriske arbeidskrav i emnet, i form av oppgåver som skal leverast.

Vurderingsformer

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

Undervegsvurdering skjer i veiledningssamtaler individuelt og i grupper.

Sluttvurdinga er knytta til eksamensoppgåva som studentane leverar på slutten av semesteret.

Karakterskala

Bestått / Ikkje bestått

Vurderingssemester

Haust

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan oppstart.

Emneansvarleg

Anne Skaansar

Administrativt ansvarleg

Fakultet for kunst, musikk og design v/ Institutt for design har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Eksamensinformasjon