Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Fagdidaktikk 2

Studiepoeng, omfang

Emnet har eit omfang på 15 studiepoeng og er normert til eitt semesters fulltidsstudium

Studienivå (studiesyklus)

Årsstudium

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Kjerneområdet for Fagdidaktikk 2, vår 2018, er planlegging, tilrettelegging og gjennomføring av undervising og opplæring i vidaregåande skule, i fag knytt til kunst og design, og vurdering av elevars læring.

Studiet skal bidra til at studentane utvikler breid fagdidaktisk innsikt og yrkesetisk kompetanse. Dette er naudsynt for å kunne skape, vurdere og vidareutvikle undervising innanfor dei ulike kunst- og designfaga i grunnskule, vidaregåande skule og på andre relevante læringsarenaar.

Studentane skal kvalifiserast til å kunne arbeide i samspel med elevar og kollegaar.

I laupet av studiet skal studenta få moglegheit til å reflektere over, og drøfte alle høve knytt til læringsprosessar i kunst og design i vidaregåande skule.

Studentane skal utvikle kjennskap til lovverk og planar som regulerer utdanningsfeltet i samfunnet vårt, og kunne bidra med kvalifiserte kritiske analysar og refleksjonar i diskusjonar om verdigrunnlaget som ligg til grunn for skulens samfunnsmandat.

 Følgjande tema vert vektlagt:

  • Undervisingsplanlegging for vidaregåande skule
  • Estetikk og læring/ læringsprosessar i kunst og design
  • Rettleiing i kunst og design
  • Visuell kultur og indervising
  • Formidling av samtidskunst og -design

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har inngåande kunnskap om faga kunst/ design sin plass, grunngjeving og progresjon i vidaregåande skule
  • har kunnskap om dei ulike aspekta ved lærarprofesjonen, og korleis desse kan utviklast.
  • har breid kunnskap om, og forståing av, dei komplekse høva som skaper læringskulturar og skulekulturar, og kan relatere seg til dette i planlegginga av og refleksjonen over læringsprosessar.
  • har breid kunnskap om barn og unges utvikling, og om dei prosessane som påverker elevanes motivasjon og læring.
  • har solid kunnskap om lov- og planverk, skulen som organisasjon, rammevilkår og styringsstruktur.
  • har breid kunnskap om skulen og utdanning i vårt samfunn, basert på eit felles verdigrunnlag om demokrati, kulturelt og sosialt mangfald, bærekraftig utvikling, likestilling og likeverd.
  • har kunnskap om overgrep mot barn og unge, om vanskelege livssituasjonar som barn og unge kan kome i, og kjennskap til aktuelle hjelpeinstansar.

Dugleikar 

Studenten

  • kan planlegge, gjennomføre, reflektere over og vurdere undervising i kunst og design, i vidaregåande skule, basert på forsking, kunstnarisk utviklingsarbeid og erfaringstilknytta kunnskap.
  • kan differensiere relevante og varierte arbeidsmåtar og arbeidsmetodar som motiverer og inkluderer elevar, og kan tilpasse opplæringa til elevanes interesser, læringstempo og kunnskapsnivå.
  • kan skape gode læringssituasjonar, kjenneteikna ved dialog, toleranse, respekt og omsorg for elevane.
  • kan beskrive kjennteikn på elevars kompetanse, vurdere undervegs, og kommunisere vurderingsarbeidet til elevar/føresette og kollegaar.
  • kan analysere og drøfte paradoks og dilemma knytt til skulens læreplanar, relevante styringsdokument, og til skulens samfunnsmandat.
  • kan analysere, argumentere og debattere skulens innhald og struktur, internt i kollegial samanheng og eksternt.
  • kan identifisere særskilde behov hos barn og unge, inkludert identifisere teikn på vald eller seksuelle overgrep. På bakgrunn av fagleg vurdering skal studenten kunne etablere samarbeid med tverretatlege instansar.

 

Generell kompetanse

Studenten

  • har ei profesjonell haldning, og kan kritisk reflektere over faglege, profesjonsetiske og fag- og utdanningspolitiske spørsmål
  • kan med stor grad av sjølvstende vidareutvikle eigen kompetanse og bidra til både kollegaars og skulens utvikling.

Krav til studierett

Emnet inngår i studieprogrammet Praktisk-pedagogisk utdanning for kunstnarar og designarar og kan takast av studentar som er tekne opp ved programmet.

Arbeids- og undervisningsformer

I studiet legg vi vekt på dialogbaserte og studentaktive arbeidsformer, som utforskar nye måtar å tilnærme seg emnet på. Undervisings- og læringsformer veksler mellom forelesningar, seminar, gruppearbeid og individuelt arbeid.

 Rettleiing

Studenten får rettleiing undervegs i studiet, retta mot oppgåveskriving og eksamen. Sjå praksisplan for informasjon om rettleiing i praksisperioden.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking i organisert studieaktivitet på fellessamlingar og i grupper er obligatorisk, med krav om minimum 80% frammøte.

 Arbeidskrav

Emnet har obligatoriske arbeidskrav som må godkjennast for å kunne gå opp til eksamen.

Vurderingsformer

Eksamen i emnet er tredelt og består av skriftleg heimeeksamen, eit praktisk-visuelt arbeid og munnleg eksamen.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Vår

Emneansvarleg

Anne Skaansar

Administrativt ansvarleg

Fakultet for kunst, musikk og design v/ Institutt for design har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Eksamensinformasjon