Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Samfunnsfarmasi I

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet skal gje ei innføring i farmasien si historie, farmasi som profesjon og farmasøy-tar si utdanning og rolle i helsetenesta. Emnet vil også ta opp sentrale aspekt ved lov-verk, etikk og kommunikasjon. Emnet skal gje basiskunnskap om legemiddel med meir (framstilling, bruk, overvaking) og om helsetenesta og legemiddelfeltet, inkludert apo-teksektoren.

Emnet skal gje innsikt i helse- og sjukdomsomgrep og sosial ulikskap i helse, i tillegg til innsikt i globale helseutfordringar og farmasien si rolle i desse.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Etter gjennomført emne kan studenten:

  • Skildre dei viktigaste aktørane innan legemiddelfeltet og deira ansvarsområde
  • Gjengi sentrale trekk i farmasien si historie
  • Reflektere over profesjonen si stilling i samfunnet no og i framtida i lys av den historiske utviklinga til profesjonen
  • Skildre apoteket sine arbeidsoppgåver, arbeidsflyt og finansieringsmodell
  • Forklare korleis farmasøytisk kunnskap kan ha implikasjonar for samfunnet og korleis samfunnsstrukturar påverkar legemiddelbruk på individ- og samfunnsnivå
  • Skildre korleis sosial ulikskap nasjonalt og globalt påverkar helse

Ferdigheiter

Etter gjennomført emne kan studenten:

  • Kommunisere respektfullt med medstudentar, helsepersonell og legemiddelbrukarar
  • Bruke opne og lukka spørsmål i kommunikasjon med ein pasient for å få nødvendig informasjon for trygg ekspedisjon eller rettleiing
  • Nytte basalt farmasøytisk og medisinsk fagspråk korrekt

Generell kompetanse

Etter gjennomført emne kan studenten:

  • Finne fram i og nytte relevant lovverk til å finne svar på enkle apotekrelaterte problemstillingar
  • Identifisere og analysere etiske dilemma og grunngi etiske val
  • Identifisere seg med den farmasøytiske profesjonen og det farmasøytiske miljøet
  • Uttrykke seg klart og tydeleg skriftleg og munnleg ovanfor både fagfolk og andre
  • Nytte studieteknikkar som fremmar evne til refleksjon om eigen læring og utøving av fagleg virksomhet

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

Studierett på Integrert masterprogram i farmasi

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar, gruppearbeid, Teambasert læring (TBL), hospitering og bedriftsbesøk

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk oppmøte på all undervisning; Førelesningar, TBL, gruppearbeid (Maksimalt 20 % fråvær).

Obligatorisk utplassering i apotek

Obligatoriske sjølvstendige oppgåver

Obligatoriske gruppeoppgåver

Vurderingsformer

Godkjente obligatoriske oppgåver. Mappeinnlevering.

Mappa skal innehalde:

  • Alle skriftlege innleveringar gjennom hausten; individuelle og gruppeoppgåver
  • Refleksjonsnotat etter hospitering i apotek
  • Refleksjonsnotat etter gjennomført undervisning

Alt dette inngår i vurderingsgrunnlaget.

Art og omfang av innleveringane vil det bli informert om i undervisninga. Prosess og progresjon vil i hovudsak bli vurdert i TBL - ikkje i mappa. Arbeida går inn i mappa i den rekkjefølgja dei vert produsert. Mappa skal leverast samla som ei PDF-fil med framside med minimum navn, studentnummer og kull.

Karakterskala

Mappa vurderas bestått/ikkje bestått

Fagleg overlapp

Ingen

Vurderingssemester

Haust

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studie@igs.uib.no

Eksamensinformasjon