Kjemisk syntese og analyse
- Studiepoeng10
- UndervisingssemesterHaust
- EmnekodeFARM124
- Talet på semester1
- SpråkNorsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
10 studiepoeng
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Mål:
Emnet har som mål å gi en innføring og oversikt over grunnleggande metodar og prosedyrar for syntese og analyse av organiske og uorganiske sambindingar ved bruk av utstyr i mikro- og halvmikroskala. I laboratoriekurset vert eit utval av kjemiske reaksjonar som er nytta i samband med syntese av viktige organiske og uorganiske sambindingar utført.
Innhald:
Emnet skal vise korleis kjemiske reaksjonar dannar basis for industriell verksemd som til dømes farmasøytisk industri, matvareindustri, dyrehelse, elektronikk, flavour & fragrance og andre industriar basert på finkjemikaliar.
Laboratoriekurset gir ein kunnskapsbasert illustrativ gjennomgang av trendar og reaksjonstypar, frå dei tidlege kjemiske elementa og til d-metallkompleks.
Emnet vil gje ei enkel innføring i bruk av kvalitative analyser samt spektroskopiske metodar som infrarød- (IR) og kjernemagnetisk resonans (NMR) spektroskopi for strukturanalyse av kjemiske sambindingar.
Eksperimentelt laboratoriearbeid med moderne syntetiske reaksjonar vil illustrere kva syntetisk kjemi betyr for samfunnet. Laboratoriekurset gjer ei grundig innføring i korleis eksperimentelle resultat samanfattast i ein laboratorierapport og korleis ein arbeidar i samsvar med dei grunnleggande reglane for helse, miljø og sikkerhet for virke på laboratorium i syntetisk kjemi.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- har grunnleggjande kunnskapar i å utføre syntese av organiske og uorganiske sambindingar i laboratorieskala
- har grunnleggjande kunnskapar i å isolere og reinse kjemisk framstilte sambindingar
- har grunnleggjande kunnskapar i å karakterisera kjemisk framstilte sambindingar ved bruk spektroskopiske metodar, som for eksempel ultrafiolett (UV), infrarød- (IR) og kjernemagnetisk resonans (NMR) spektroskopi
Ferdigheiter
Studenten
- kan utføre ei kjemisk syntese i laboratorieskala
- kan utarbeide flytskjema til bruk i å identifisere kritiske/avgjerande punkt i ein synteseprosedyre
- kan utarbeid reaksjonsskjema ved hjelp av egna programvare
- kan bruke relevante teoriar, eksperimentelle metodar og analyseverktøy for identifisering, kvantifisering og enkel strukturoppklaring av kjemiske sambindingar
- har grunnleggande ferdigheter i isolering og oppreining av synteseprodukt
- kan gjennomføre ei avgrensa undersøking av eit kjemisk problem på ein vitskapeleg måte og analysere og tolke resultata i lys av relevant teori
Generell kompetanse
Studenten
- har ferdigheter og kunnskapar om HMS i kjemisk laboratorium
- kan formulere hypotesar og vurdere dei i lys av eksperimentelle resultat
- kan konkretisere og verifisere teoretisk kunnskap ved hjelp av eksperiment
- kan arbeide praktisk i laboratoriet, både sjølvstendig og i gruppe
- kan dokumentere og formidle dei oppnådde resultata frå laboratoriearbeid gjennom rapportskriving
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet
FARM124: Studierett på Integrert masterprogram i farmasi
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisning blir gitt i form av forelesinger, kollokvier og laboratoriearbeid.
Forelesninger, 4 timer i uken i 8 veker
Laboratoriearbeid, 6 timer i veka i 10 veker.
Kollokvier, 2 timar i veka i 3 veker
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatorisk oppmøte på utvalde forelesingar (HMS, rapportskriving).
Godkjend HMS-kurs. Dersom du ikkje har godkjend HMS-kurs ved Kjemisk institutt, UiB frå tidlegare, må kurset takast same semester i forkant av undervisninga. Meir om HMS-kurset på adresse: http://www.uib.no/kj/utdanning/obligatorisk-hms-kurs.
Laboratoriekurs med godkjent laboratorierapport.
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer.
Mappeevaluering
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Karakterskala
Bestått/ikke bestått
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt Studierettleiar@kj.uib.no
Administrativt ansvarleg
Matematisk-naturvitenskapelige fakultet ved Kjemisk institutt har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.