Kjemisk syntese og analyse

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å gi en innføring og oversikt over grunnleggande metodar og prosedyrar for syntese og analyse av organiske og uorganiske sambindingar ved bruk av utstyr i mikro- og halvmikroskala. I laboratoriekurset vert eit utval av kjemiske reaksjonar som er nytta i samband med syntese av viktige organiske og uorganiske sambindingar utført.

 

Innhald: 

Emnet skal vise korleis kjemiske reaksjonar dannar basis for industriell verksemd som til dømes farmasøytisk industri, matvareindustri, dyrehelse, elektronikk, "flavour & fragrance" og andre industriar basert på finkjemikalium.

Laboratoriekurset gir ein kunnskapsbasert illustrativ gjennomgang av trendar og reaksjonstypar, frå dei tidlege kjemiske elementa og til d-metallkompleks.

Emnet vil gje ei enkel innføring i bruk av kvalitative analyser samt spektroskopiske metodar som infrarød- (IR), ultrafiolett-synleg (UV-Vis) og kjernemagnetisk resonans (NMR) spektroskopi for strukturanalyse av kjemiske sambindingar.

Eksperimentelt laboratoriearbeid med moderne syntetiske reaksjonar vil illustrere kva syntetisk kjemi betyr for samfunnet. Laboratoriekurset gir ei grundig innføring i korleis eksperimentelle resultat blir samanfatta i ein laboratorierapport og korleis ein arbeider i samsvar med dei grunnleggjande reglane for helse, miljø og tryggleik for arbeid på laboratorium i syntetisk kjemi.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskapar

Studenten

  • har grunnleggjande kunnskapar i å utføre syntese av organiske og uorganiske sambindingar i laboratorieskala
  • har grunnleggjande kunnskapar i å isolere og reinse kjemisk framstilte sambindingar
  • har grunnleggjande kunnskapar i å karakterisera kjemisk framstilte sambindingar ved bruk spektroskopiske metodar, som for eksempel ultrafiolett (UV), infrarød- (IR) og kjernemagnetisk resonans (NMR) spektroskopi

 

Ferdigheiter

Studenten

  • kan utføre ei kjemisk syntese i laboratorieskala
  • kan utarbeide flytskjema til bruk i å identifisere kritiske/avgjerande punkt i ein synteseprosedyre
  • kan utarbeid reaksjonsskjema ved hjelp av egna programvare
  • kan bruke relevante teoriar, eksperimentelle metodar og analyseverktøy for identifisering, kvantifisering og enkel strukturoppklaring av kjemiske sambindingar
  • har grunnleggande ferdigheter i isolering og oppreining av synteseprodukt
  • kan gjennomføre ei avgrensa undersøking av eit kjemisk problem på ein vitskapeleg måte og analysere og tolke resultata i lys av relevant teori

 

Generell kompetanse

Studenten

  • har ferdigheter og kunnskapar om HMS i kjemisk laboratorium
  • kan formulere hypotesar og vurdere dei i lys av eksperimentelle resultat
  • kan konkretisere og verifisere teoretisk kunnskap ved hjelp av eksperiment
  • kan arbeide praktisk i laboratoriet, både sjølvstendig og i gruppe
  • kan dokumentere og formidle dei oppnådde resultata frå laboratoriearbeid gjennom rapportskriving

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust. Går første gang høsten 2023.

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
KJEM130/FARM130 eller tilsvarande emne innan organisk kjemi.
Studiepoengsreduksjon
KJEM131/FARM131: 10 SP
Krav til studierett
FARM124: Studierett på Integrert masterprogram i farmasi
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisning blir gitt i form av forelesinger, work-shop og laboratoriearbeid.

Forelesninger, 2-4 timer i uken i 8 veker.

Laboratoriearbeid, 6 timer i veka i 8 veker.

Workshop i rapportskriving 6 timer.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk oppmøte på utvalde forelesingar (HMS, rapportskriving) og alle laboratorieøvingar.

Elektronisk innlevering av laboratoriejournal (8 av 8).

Obligatoriske innleveringar av tilfredsstillande kvalitet må leverast innan fastsette fristar for å få obligatoriske aktivitetar godkjente (minst 6 av 8 laboratorierapportar må være godkjente) for å få bestått avsluttande mappeevaluering.

Obligatoriske innleveringar skal vere eige arbeid.

Godkjent HMS-kurs. Dersom du ikkje har godkjent HMS-kurs ved Kjemisk institutt, UiB frå tidlegare, må kurset takast same semester i forkant av undervisninga. Meir om HMS-kurset på nettsida: www.uib.no/kj/utdanning/obligatorisk-hms-kurs.

Grove brot på HMS-reglar vil føre til at ein misser retten til å fullføre laboratoriekurset.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer.

Mappeevaluering

Karakterskala

Bestått/ikke bestått

Evaluering foregår kun i undervisningssemesteret.

Vurderingssemester
Haust: vurdering kun i semester med undervisning.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt Studierettleiar@kj.uib.no
Administrativt ansvarleg
Matematisk-naturvitenskapelige fakultet ved Kjemisk institutt har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.