Samfunnsfarmasi II og rettleia praksis
- Studiepoeng32
- UndervisingssemesterHaust
- EmnekodeFARM205
- Talet på semester2
- SpråkNorsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
Teoretisk undervising, 2 stp: haust, 7. semester
Praksis i apotek, 30 stp: vår, 8. semester
Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningssemester
Teoretisk undervising, 2 stp: haust, 7. semester
Praksis i apotek, 30 stp: vår, 8. semester
Undervisningsstad
Universitetet i Bergen
Diverse apotek i Norge
Mål og innhald
Emnet byggjer på FARM103 Samfunnsfarmasi I, og utdjupar tema frå dette i tillegg til å ta inn nye.
Studentane skal få innsikt i farmasøytar si oppgåve med å identifisere, systematisere og løyse legemiddelrelaterte problem for den enkelte pasient. Gjennom å arbeide på ein farmasøytisk arbeidsplass, og ved å ha kontakt med legemiddelbrukarar og helsepersonell, skal studentane få praktisere fagleg vit og erverve seg kunnskap og ferdigheiter som berre kan lærast frå praksis.
Den teoretiske delen i haustsemesteret er dels ei utdjuping av tidlegare introduserte tema, dels nye tema som informasjonsvurdering og -omforming, formidling og leiing. Kurset består av førelesingar, seminar og praktiske øvingar. Det er komprimert og stiller store krav til aktiv deltaking frå studentane. Undervisinga skal førebu studentane på praksis og gje nyttige verktøy for å kunne medverke til trygg legemiddelbruk både i og utanfor institusjonar.
Rettleia praksis på apotek (6 månader) er eit EU-krav for alle som vil verte farmasøytar. Her skal studentane praktisere innanfor trygge rammer, tileigne seg kunnskap og erfaring frå møtet med kundar, pasientar og anna helsepersonell, tolke og praktisere lover og regelverk, utøve farmasøytisk og etisk skjønn og trene på å nytte alt dei har lært.
Læringsutbyte
Etter å ha fullført dette emnet kan studentane:
Kunnskapar:
- beskrive systema for kvalitetssikring og deira betyding i helsetenestene med spesiell vekt på systema og tiltak i apotek
- gjere greie for ulike leiarstiler og deira betyding for tilsette og arbeidsmiljø
Ferdigheiter
- sjølvstendig ekspedere reseptar og rettleie kundar om legemiddelbruk og eigenomsorg
- nytte apotekets system for kvalitetssikring
- nytte forskjellige metodar i kommunikasjon med kundar og helsepersonell
- nytte sentrale lover og forskrifter som regulerer farmasifeltet
- nytte relevant litteratur til å gi råd og utforme undervisning for pasientar og helsepersonell
- anvende farmasøytisk kompetanse i tverrfaglige team
Generell kompetanse
- diskutere eigen og andre sin praksis og val ut ifrå etiske prinsipp
Krav til forkunnskapar
Emnet FARM103 (Samfunnsfarmasi I) må vere bestått for å ta del i den teoretiske undervisinga i FARM205 Samfunnsfarmasi II. Godkjent deltaking på Samfunnsfarmasi II er ein føresetnad for å få gå ut i praksis. Alle emne på 1. - 6. semester i farmasistudiet må også vere bestått før tildeling av praksisapotek, som skjer i september/oktober på 7. semester.
Krav til studierett
Emnet er reservert for studentar på studieprogramma Integrert masterprogram i farmasi.
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Førelesingar, rollespill, gruppearbeid, munnleg presentasjon, apotekpraksis, skriftlege innleveringar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er obligatorisk frammøte på den teoretiske undervisinga (maksimalt 20% fråvær frå førelesningar er tillat).
Rettleia praksis i apotek med innlevering av oppgåver er obligatorisk, deriblant TVEPS (gyldig 4 semester). Det er krav om minimum 20 veker godkjent praksis.
Både undervisinga i Samfunnsfarmasi II og rettleia praksis må vere godkjent for å få gå opp til avsluttande eksamen i emnet.
Dersom studenten sitt praksisopphald vert vurdert til ikkje bestått, må praksisopphaldet gjerast på nytt. Ein student kan ikkje tildeles praksis meir enn to gonger.
Vurderingsformer
OSKE-eksamen.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert det nytta bestått / ikkje bestått.
Fagleg overlapp
FARM201 + FARM202 + FARM203, FARM204: 32 SP
Vurderingssemester
Vår
Emneevaluering
Studentene skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Institutt
Institutt for global helse og samfunnsmedisin, Senter for farmasi.
Kontaktinformasjon
Institutt for global helse og samfunnsmedisin
e-post:
Eksamensinformasjon
Vurderingsordning: Objective structured clinical examination (Ny eksamen)