Lækjemiddelkjemi

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet omfattar dei viktigaste lækjemidla og lækjemiddelgruppene sin kjemi: tredimensjonale konfigurasjon, syntese, metabolisme og stabilitet. Vidare blir samanhengen mellom tredimensjonal struktur av lækjemidlet og biologisk aktivitet vektlagt.

Kurset skal vidare tene som grunnlag for farmakologi og galenisk farmasi.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • Har bred kunnskap om dei fysikalsk-kjemiske eigenskapane for lækjemiddelsambindingar

Studenten kan ut frå strukturformelen for ei sambinding

  • Beskrive sannsynleg bruk (lækjemiddelgruppe)
  • Gjere greie for verknadsmekanismen

 

Ferdigheiter

Studenten kan ut frå strukturformelen for ei sambinding

  • Gjere greie for moglege bindingsinteraksjonar med biologiske makromolekyl
  • Gjere greie for stabilitet og vassløysingsevne
  • Gjere greie for absorbsjon, distribusjon, metabolisme, eliminasjon og toksisitet.

 

Generell kompetanse

Studenten

  • Kjenner til korleis lækjemiddelsambindingar oppdagast og utviklast.

Undervisningssemester

Vår

 

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
FARM130/KJEM130 eller tilsvarande
Tilrådde forkunnskapar
FARM150 eller tilsvarande
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til studieprogramma Integrert masterprogram i farmasi eller studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet.

 

 

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga gis i form av førelesningar og kollokvier i 12 veker:

4 timar forelesingar pr. veke

2 timar kollokvier pr. veke

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer
Skriftleg eksamen 4 timar
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.12.
Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

kvalitetsbasen.app.uib.no/?faknr=12&instnr=31

Hjelpemiddel til eksamen
Enkel kalkulator tillatt, i samsvar med modellar angitt i fakultetets regler
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt Studierettleiar@kj.uib.no
Administrativt ansvarleg
Det Matematisk naturvitskapleg fakultet ved Kjemisk institutt har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.