Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Farmasøytisk mikrobiologi og immunologi

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor og master

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Bakteriologi: Undervisninga skal gje kunnskap om basal og klinisk bakteriologi og kjennskap til utvalde protozoar/parasittar, sopp og helmintar av humanpatologisk betyding.

Hovudemne er: Dyrking og identifikasjon av viktige humanpatogene mikrobar, mikrobielle vekstkrav, effekt av antimikrobielle midlar og utvikling av resistens mot antimikrobielle midlar, sterilisering og desinfeksjon, bakterielle virulensfaktorar, produksjon og kontroll av vaksiner.

Virologi: Undervisninga skal gje kunnskap om basal og klinisk virologi.

Hovudemne er: Korleis virusinfeksjon kan gje sjukdom, korleis vi kan førebyggje sjukdom med vaksiner, effekt av antivirale midlar og utvikling av resistens mot antivirale midlar.

Immunologi og transfusjonsmedisin: Undervisninga skal gje kunnskap om basal og klinisk immunologi, samt transfusjonsmedisin.

Hovudemne i immunologi: Korleis immunapparatet fungerer normalt i kampen mot infeksjonar (under dette prinsippa for vaksine), korleis feilfunksjon kan gje sjukdom, og immunologisk terapi.

Hovudemne i transfusjonsmedisin er dei viktigaste blodtypeantigena, framstilling og bruk av blodceller og blodprodukt.

Læringsutbyte

Bakteriologi:

Kunnskapar:
Etter å ha fullført emnet kan studentane

  • Gjere greie for oppbygginga og hovudtrekk ved bakterielle mikroorganismar.
  • Gjere greie for dei viktigaste protozoar/parasittar, sopp og helmntar av humanpatologisk betyding.
  • Gjere greie for korleis ein kan dyrke og identifisera viktige humanpatogene mikrobar, korleis dei vert påvirka av antimikrobielle midlar og korleis dei kan utvikle resistens.
  • Gjere greie for prosedyrar for sterilisering og desinfeksjon og korleis ein unngår mikrobiell kontaminering og oppvekst av mikrobar ved framstilling av farmasøytiske produkt.
  • Gjere greie for prinsipp og metodar for produksjon og kontroll av vaksiner
  • Forklare metodar og prosedyrar laboratoriet nyttar for å komme fram til den bakteriologiske diagnosen.
  • Gjere greie for behandling og kunnskap om å hindre smitte og å overvinne infeksjonar.

Ferdigheiter:
Etter å ha fullført emnet kan studentane

  • Forklare korleis bakteriane sine eigenskapar er knytte til patogenisitet, og virulens og gjere greie for dei viktigaste angrepspunkta for antibakterielle midler.
  • Vurdere sterilitet i farmasøytiske produkt, slik som til dømes vaksinar og andre biologiske produkt.

 

Virologi:

Kunnskapar:
Etter å ha fullført emnet kan studentane

  • Gjere greie for struktur og fysikalske eigenskapar til virus, og den fundamentale forskjellen mellom RNA- og DNA-virus.
  • Gjere greie for korleis virus replikerar, forstå forskjellane mellom ulike patogene prosessar, som til dømes konsekvensane av latens, samt korleis virus kan forårsake kreft.
  • Gjere greie for mekanismane for virusvariabilitet og konsekvensane for immunforsvaret, vaksinar og antiviral behandling.

Ferdigheiter:
Etter å ha fullført emnet kan studentane

  • Forklare korleis viruseigenskapar er knytte til patogenisitet, og virulens, og gjere greie for dei viktigaste angrepspunkta for antivirale midler. 

 

Immunologi og transfusjonsmedisin:

Kunnskapar:
Etter å ha fullført emnet kan studentane

  • Gjere greie for korleis immunapparatet beskyttar oss mot infeksjonar, om prinsippet for vaksinering, om immunpatologien ved allergi og autoimmune sjukdomar, og om immunsviktsjukdomar.
  • Gjere greie for korleis ein framstiller ulike blodprodukt i transfusjonsmedisin.

Ferdigheiter:
Etter å ha fullført emnet kan studentane

  • Forklare korleis immunapparatet fungerer og gjere greie for dei viktigaste farmasøytiske produkt som påvirkar immunapparatet.

Generell kompetanse:
Etter å ha fullført emnet kan studentane

  • Forstå prinsippa for korleis ein kan motvirke mikrobiell forureining i farmasøytiske produkt.
  • Forstå dei viktigaste prinsippa for bruk av antimikrobielle midler og korleis dette kan fremme resistensutvikling.

Krav til forkunnskapar

Basiskunnskapar i kjemi, biokjemi og cellebiologi

Tilrådde forkunnskapar

Studentane må ha tatt de obligatoriske emna tidligare i programmet.

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt studieprogramma Integrert masterprogram i farmasi eller ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar: 52 timar

Lab.kurs: 16 timar

Kollokvium: 6 timar

 

BAKTERIOLOGI

Førelesingar: 13

Lab.kurs: 9

Kollokvium: 2

 

VIROLOGI

Førelesingar: 10

Lab.kurs: 1

Kollokvium: 2

IMMUNOLOGI

Førelesingar: 16

Lab.kurs: 0

Kollokvium: 2

TRANSFUSJONSMEDISIN

Førelesingar: 13

Lab.kurs: 0

Kollokvium: 0

 

 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Laboratoriekurset (8 x 2 timar) er obligatorisk. Her blir det stilt krav om tilfredstillande utføring. Journalane må vere godkjende før studentane kan gå opp til eksamen.

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen (4 timar).

Hjelpemidler: ingen

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Haust

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Institutt

Klinisk institutt 2

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studieadministrative spørsmål: studie@kliniskmedisin.uib.no

Fagansvarlig: Harald G. Wiker, e-post: harald.wiker@uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg prøve (Ny eksamen)

    Dato
    29.03.2019, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    01.02.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
    Sted