Farmakologi semester I

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet skal gi kunnskapar i generell farmakologi for vidare studium i spesiell farmakologi.

  • Farmakodynamikk: Læra om legemidla sin verknad på kroppen. Generelt om legemidla sine molekylære verknadsmekanismar. Struktur og funksjon hos målprotein som vert påverka av legemiddel.
  • Farmakokinetikk: Læra om kva som skjer med legemidlar i kroppen
  • Grunnleggande sjukdomslære (patofysiologi) ved utvalgte sjukdomar som kreft og diabetes.
  • Introduksjon i spesiell farmakologi, der ein tar for seg medikamentell behandling av ein del sjukdomstilstandar, til dømes diabetes, smertelindring og kreftbehandling.
  • Introduksjon i farmakoterapi, der studentane arbeider i grupper for å finna optimal behandling for ulike enkle kasuistikkar.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Etter fullført emne har studenten:

  • Tileigna seg kunnskapar som er naudsynte for vidare studium i spesiell farmakologi

Ferdigheiter

Etter fullført emne kan studenten:

  • skildre korleis legemidlar interagerer med reseptorar og andre målprotein i kroppen
  • skildre sentrale omgrep i samband med legemidla sin absorpsjon, distribusjon, konsentrasjon i plasma, og eliminasjon.
  • skildre indikasjonar, verknadsmekanismer og fysiologiske effektar ved bruk av dei underviste forskjellige medikamentgruppane

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Integrert masterprogram i farmasi
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesningar, kollokvier og gruppearbeid. 40 timar forelesningar, 12 timar gruppeundervisning (kasuistikkar), 8 timar kollokvier.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Deltakelse på tre kasus-arbeid er obligatorisk. Kasus-arbeid inkluderer både gruppearbeid og presentasjon.
  • Godkjent skriftleg kasusrapport. Dette er ein føresetnad for å kunna ta endeleg eksamen.
  • Vurderingsformer
    Skriftlig eksamen (4 timar).
    Karakterskala
    A-F
    Vurderingssemester
    Haust
    Litteraturliste
    Litteraturlisten vil være klar innan 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.
    Emneevaluering
    Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
    Hjelpemiddel til eksamen
    Ingen
    Programansvarleg
    Programutvalg for farmasi
    Administrativt ansvarleg
    Klinisk institutt 2
    Institutt

    Klinisk institutt 2