Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Farmakologi semester I

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet skal gi kunnskapar i generell farmakologi for vidare studium i spesiell farmakologi.

  • Farmakodynamikk: Læra om legemidla sin verknad på kroppen. Generelt om legemidla sine molekylære verknadsmekanismar. Struktur og funksjon hos målprotein som vert påverka av legemiddel.
  • Farmakokinetikk: Læra om kva som skjer med legemidlar i kroppen
  • Introduksjon i nokre grunnleggande signalsystem som er viktige i farmakologisk samanheng, til dømes kolinerg og adrenerg farmakologi, og signalvegar i sentralnervesystemet
  • Introduksjon i spesiell farmakologi, der ein tar for seg medikamentell behandling av ein del sjukdomstilstandar, til dømes kolinerg og adrenerg farmakologi, svake og sterke analgetika, steroidhormon og cytostatika.
  • Introduksjon i farmakoterapi, der ein arbeider i grupper for å finna optimal behandling for ulike enkle kasuistikkar.

Læringsutbyte

Etter fullført emne har studenten:

  • Tileigna seg kunnskapar som er naudsynte for vidare studium i spesiell farmakologi

Etter fullført emne kan studenten:

  • skildre korleis legemidlar interagerer med reseptorar og andre målprotein i kroppen
  • skildre sentrale omgrep i samband med legemidla sin absorpsjon, distribusjon, likevektskonsentrasjon i plasma, og eliminasjon.
  • skildre indikasjonar, verknadsmekanismer og fysiologiske effektar ved bruk av dei underviste forskjellige medikamentgruppane

Krav til studierett

Integrert masterprogram i farmasi

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesningar, kollokvier og gruppearbeid. 40 timar forelesningar, 12 timar gruppeundervisning (case-studiar), 8 timar kollokvier.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesningar, kollokvier og gruppearbeid. 40 timar forelesningar, 12 timar gruppeundervisning (case-studiar), 8 timar kollokvier.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Obligatorisk oppmøte på 2 av 3 kasus-presentasjonar.
  • Godkjent kasusrapport. Dette er ein føresetnad for å kunna ta endeleg eksamen.

Vurderingsformer

Skriftlig eksamen (4 timar).

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Haust

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Institutt

Klinisk institutt 2

Kontakt

Kontaktinformasjon

studie@kliniskmedisin.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skuleeksamen (Ny eksamen)

    Dato
    19.02.2021, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    01.02.2021
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen