Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Farmakologi II

Hovedinnhold

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:

-Emnet skal saman med Farm290 gi eit samla bilde av farmakologifaget.Dette inkluderer kjennskap til verkemåte, bruk, effektar og interaksjonar av dei viktigaste legemidla. Å gje farmasistudentar naudsynt kunnskap og trening for å forklara og gje råd om legemidlar og farmakologisk terapi.

- Emnet skal gi evne til å vurdere legemiddelinformasjon og faglitteratur kritisk.

Innhald:

Emnet tar for seg dei viktigaste sjukdomane i dei ulike organsystema, som hjarte-kar, endokrine organ eller sentralnervesystemet. I tillegg til innføring i sjukdomslære står medikamentell behandling av sjukdomar sentralt i kurset. Her vert verknadsmekanismen til medikamenta skildra, samt retningslinjer for bruk, interaksjonar med andre legemiddel.

I tillegg til forelesingar vil det vera tre kasus-presentasjonar der ein tar opp behandling av folkesjukdomar som t.d. kardiovaskulære lidingar

Det vert også gjeve grunnleggande undervisning i veterinærfarmakologi.

Læringsutbyte

Kunnskaper

Studenten har kjennskap til:

  • Prinsipp for medikamentell behandling av dei vanlegaste sjukdomane i Norge
  • Bruk av eit breitt spekter av legemiddel.
  • Interaksjonar, kontraindikasjonar, forsiktigheitsreglar, overdosering / toksikologi i samband med medikament.
  • Særskilte forhold innan farmakologi, som graviditet og amming, legemiddelbruk hjå born og eldre.

Ferdigheiter:

Studenten kan:

  • Demonstrera korleis ein nyttar farmakologisk kunnskap til å rådgje om medikamentell behandling
  • Søka informasjon om legemiddel og setja saman ein farmakologisk handlingsplan for dels kompliserte sjukdomsbilete.

Tilrådde forkunnskapar

FARM290

Krav til studierett

Emnet er reservert for studentar på studieprogramma Integrert masterprogram i farmasi.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Forelesingar, kollokviar og kasus-presentasjonar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Obligatorisk oppmøte på 2 av 3 kasus-presentasjonar.
  • Godkjent kasusrapport. Dette er ein føresetnad for å kunna ta endeleg eksamen.

Vurderingsformer

Heimeeksamen, 4 dagar

Alle hjelpemiddel vert tillate.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

Ingen

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Administrative spørsmål:studie@kliniskmedisin.uib.no

Emneansvarlig: Lars Herfindal: lars.herfindal@uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Oppgave utleveres
    22.05.2023, 10:00
    Innleveringsfrist
    26.05.2023, 10:00
    Trekkfrist
    01.02.2023
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen