Hjem

Utdanning

Masteremne

Masteroppgåve i Farmasi

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Studenten skal gjennom arbeidet med masteroppgåva opparbeide seg kunnskap og erfaring med ulike metodar og vitskaplege arbeidsteknikkar. Gjennom arbeid med masteroppgåva skal studenten ha utvikla evne til å gjennomføre eit sjølvstendig arbeid som viser forståing, refleksjon og modning. Under rettleiing skal studenten kunne planlegge og utføre vitskapelege eksperiment, og kritisk vurdere eigne resultat så vel som relevant faglitteratur.

Læringsutbyte

Etter fullført mastergradsoppgave har studenten følgjande kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten kan:

  • Gjøre reie for relevant teori og relevante metodar innan det valgte fagfeltet for masteroppgåva

Ferdigheiter

Studenten kan:

  • Planlegge, gjennomføre, rapportere og presentere eit rettleia forskningsprosjekt
  • Beskrive og nytte relevante metodar
  • Analysere oppnådde resultat
  • Diskutere eigne resultat i relasjon til litteraturen og trekke konklusjonar på grunnlag av dette
  • Presentere arbeidet i form av ein skriftleg monografi med rimeleg omfang og systematikk
  • Gi ein kortfatta munnleg presentasjon av dei viktigaste resultata og konklusjonen

Generell kompetanse

Studenten kan:

  • Finne og kritisk vurdere relevant, vitskapeleg litteratur, og vise til, referere og sitere på ein klar og heiderleg måte
  • Drøfte etiske problemstillingar relatert til eiga og andre si forsking

Krav til forkunnskapar

Alle obligatoriske mastergradsemne, til saman 240 studiepoeng, må være bestått for å kunne starta på masteroppgåva. Studieretningsemne, til saman 15 studiepoeng må være bestått før avsluttande mastergradseksamen.

Krav til studierett

Emnet er reservert for studentar på studieprogrammet Integrert masterprogram i farmasi.

Arbeids- og undervisningsformer

Student, rettleiar(ar) og institutt vert samde om ein skriftleg masteravtale og rettleiingskontrakt. Avtalen skal godkjennast av programutvalet for farmasi. Undervising skjer i form av praktisk og teoretisk rettleiing. Masteravtale og rettleiingskontrakt skal signerast innan 1. april i 8. semester. Rettar og plikter er spesifisert i masteravtalen og rettleiingskontrakten.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Student, rettleiar(ar) og institutt vert samde om ein skriftleg masteravtale og rettleiingskontrakt. Avtalen skal godkjennast av programutvalet for farmasi. Undervising skjer i form av praktisk og teoretisk rettleiing. Masteravtale og rettleiingskontrakt skal signerast innan 1. april i 8. semester. Rettar og plikter er spesifisert i masteravtalen og rettleiingskontrakten.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentar må delta på seminar og halde ein statuspresentasjon om eige masterprosjekt for studentar på kullet i januar.

Vurderingsformer

Munnleg og skriftleg presentasjon av oppgåva.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Vår

Emneevaluering

Skriftlig evaluering

Programansvarleg

Programutvalet for farmasi har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Klinisk institutt 2

Institutt

Administrert av Senter for farmasi og Klinisk institutt 2

Kontakt

Kontaktinformasjon

Klinisk institutt 2: studie@kliniskmedisin.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Masteroppgåve

    Trekkfrist
    01.02.2019
    • Eksamensdel: Masteroppgåve

      Innleveringsfrist
      20.05.2019, 12:00
    • Eksamensdel: Justerande munnleg