Innføring i moderne politisk teori

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Politisk filosofi omhandler analyse og evaluering av politiske institusjoner, praksiser og idealer. Dette introduksjonskurset fokuserer på litteratur fra andre halvdel av 1900-tallet og fremover, og dekker temaer som er relevante for samtidens politiske liv, for eksempel: rettferdighet i fordelingen av rikdom, like muligheter, rettferdig beskatning, grensene for individuell frihet, likestilling, kulturelle minoriteters rettigheter, verdien om demokrati, og omfanget av politisk forpliktelse.

Læringsutbyte

Kunnskap:

Etter fullført emne skal studenten ha

  • Eit generelt oversyn over sentrale tema, debattar, tenkjarar og tekstar i samtida sin politisk filosofi
  • Ei forståing av korleis desse tema, debattane, tenkjarane og tekstane blir kopla til kvarandre og til aktuelle politiske spørsmål

Dugleik:

Etter fullført emne skal studenten kunne

  • Beskrive sentrale omgrep og teoriar i samtida sin politiske filosofi
  • Gjenkjenne ulike måtar desse omgrepa blir forstått og brukt, og gjenkjenne likskapar og skilnader mellom desse teoriane
  • Gjenkjenne praktiske og teoretiske implikasjonar av å forstå og bruke desse konsepta på ulike måtar, og gjenkjenne praktiske og teoretiske implikasjonar av desse teoriane
  • Rekonstruere og evaluere argument til støtte for ulike forståingar av bruken av desse konsepta, og til støtte for ulike teoriar i samtida sin politiske filosofi
  • Bruke omgrep og teoriar i samtida sin politiske filosofi til/i debattar om aktuelle politiske spørsmål
  • Kommunisere forståing, evaluering og anvending av omgrep og teoriar skriftleg

Kompetanse:

Etter fullført emne skal studenten ha kompetanse til å

  • Reflektere over, og danne velbegrunna vurderingar om debattar i samtida sin politiske filosofi og aktuelle politiske spørsmål
  • Studere politisk filosofi på eit meir avansert nivå.

Fulltid/deltid

-

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår.

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Bestått ex.phil. og ex.fac. Gode engelskkunnskapar er naudsynte, sidan ein må rekne med at mykje av pensum er på engelsk.
Studiepoengsreduksjon
FIL116 overlappar 10 studiepoeng med FIL249.
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Omlag 20 timar med førelesingar i løpet av semesteret, og omlag10 timar per veke på eiga hand til å jobbe med emnerelaterte oppgåver. Klassetid vil innebere førelesingar eller presentasjonar av emneansvarleg, diskusjonar og gruppearbeid.

Om det melder seg færre enn fire studentar kan talet på samlingar bli redusert. Den einskilde student vil i staden bli tilbode individuell rettleiing eller grupperettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Oppmøtekrav på førelesingane: studentar kan maksimalt gå glipp av 6 timar (3 førelesingar) utan gyldig grunn/dokumentasjon
  • Studentane må levere og få godkjent minst 5 mindre skriftlege oppgåver (omlag 500 ord per oppgåve). Fristar blir satt av instituttet
  • Vurderingsformer
    4 dagars heimeeksamen
    Karakterskala
    Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
    Vurderingssemester

    Haust/Vår

    Eksamen blir arrangert kvart semester.

    Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

    Litteraturliste
    Litteraturlista vert tilgjengeleg på uib.no 1. juni for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.
    Emneevaluering
    Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
    Hjelpemiddel til eksamen
    Ingen.
    Programansvarleg
    Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.
    Emneansvarleg
    Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.
    Administrativt ansvarleg
    Institutt for filosofi og førstesemesterstudium.