Filosofihistoria frå opplysningstida til 1900-talet

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Det er eit særskilt kjenneteikn ved filosofi som fag at god innsikt i dets eige historie er ein sentral del av faget sjølv. Dette er ein viktig føresetnad for forståing av problemstillingar og tilnærmingsmåtar i samtidsfilosofien, samtidig som det gir eit oversyn over hovudtrekk ved europeisk tenknings historie som kan vere til nytte også i studiet av andre fag.

FIL121 skal gi studentane grunnleggjande kjennskap til sentrale problem, grunnomgrep og teoriar i filosofihistorien frå opplysingstida til og med det tjuande hundråret. Emnet skal formidle både forståelse for større retningar og samanhengar i den moderne filosofihistorien, og utdjupande innsikt i noen utvalgte filosofar, også gjennom diskusjon av utdrag fra originaltekstar. Etter fullført emne skal studentane vere i stand til å formidle sentrale filosofiske teoriar og problemstillingar og sjå relevansen av desse i andre samanhengar.. Emnet skal gi grunnlag for vidare studiar i filosofi på bachelornivå.

Læringsutbyte

Kunnskap:

Etter fullført emne skal studentane ha god kjennskap til grunnleggjande trekk ved europeisk filosofi frå opplysingstida til og med det tjuande hundråret. Dei skal ha innsikt i filosofiske grunnomgrep, problemstillingar, argument og teoriar knytt til perioden.

Dugleik:

Etter fullført emne skal studentane kunne kjenne att og formidle innsikt i flere av periodens sentrale filosofiske problemstillingar og posisjoner, og kunne forklare både styrkar og utfordringar med disse posisjonane. Studentane skal kunne identifisere tolkningsproblemar knyttet til originaltekstar frå perioden, og kunne finne tilgang til slike tekster gjennom analyse og kontekstualisering.

Kompetanse:

Emnet gir grunnlag for vidare studiar med sikte på bachelorgrad med spesialisering i filosofi. I kombinasjon med andre emne og fag kan det inngå i ei utdanning som kvalifiserer for undervisning i filosofi i ungdomsskule eller videregåande skule. Emnet kan også vere eigna som støtte til fordjuping i grunnlagsspørsmål i samband med studiet av andre fag.

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust.

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Bestått ex.phil. og ex.fac. Gode engelskkunnskapar er naudsynte, sidan ein må rekne med at mykje av pensum er på engelsk.
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga har form av av førelesingar og seminar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad, jamfør ordinære reglar.

  • Innlevering av eitt oppgåvesvar på 900-1200 ord. Oppgåva blir gitt av faglærar. Innleveringsfrist blir sett av instituttet. Svaret må vere godkjent for at ein skal kunne gå opp til eksamen.
  • Breiddetest
Vurderingsformer

4 timar skuleeksamen med spørsmål henta frå ulike deler av pensum. Ingen hjelpmiddel er tillatne på eksamen. (Men studentar utan engelsk eller norsk som morsmål kan vende seg til instituttet for informasjon om bruk av ordbøker.)

Eksamen blir arrangert kvart semester.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende i eit semester med undervisning for at ein skal kunne melde seg til eksamen i eit semester utan undervisning.

Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester

Haust/Vår

Eksamen blir arrangert kvart semester.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Litteraturliste
Litteraturlista vert tilgjengeleg på uib.no 1. juni for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen.
Programansvarleg
Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.
Emneansvarleg
Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.
Administrativt ansvarleg
Institutt for filosofi og førstesemesterstudium.