Wittgensteinstudiar

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Kurset gir ein introduksjon til filosofien til Ludwig Wittgenstein. I tillegg til å gi eit generelt overblikk over forfattarskapen gir det ein oversikt over sentrale omgrep, synspunkt og metodar i Wittgenstein sin filosofi.

Læringsutbyte

Kunnskap:

Etter fullført emne skal studenten ha

  • ei generell oversikt over sentrale omgrep, synspunkt og metodar innanføre Wittgenstein sin filosofi
  • forståing for likskapar og skilnadar mellom ulike innfallsvinklar og fortolkingar av Wittgenstein
  • meir inngåande kunnskap om eit nærare avgrensa tema innanfor feltet

Dugleik:

Etter fullført emne skal studenten kunne

  • kjenne att sentrale posisjonar, argumentasjons- og framstillingsmåtar i Wittgensteinforskinga, og kunne formidle hovudtrekk ved dei
  • finne fram til og sette seg inn i sentral litteratur om Wittgenstein sin filosofi, og formidle kunnskap om litteraturen og dei perspektiva den gir på Wittgenstein sin filosofi til eit faglig og til eit allment publikum
  • reflektere over relevansen av sentrale omgrep, synspunkt og metodar innanfor Wittgenstein sin filosofi for å kunne forstå og ta stilling til aktuelle spørsmål og problemstillingar

Kompetanse:

Emnet kan inngå i ein bachelorgrad med spesialisering i filosofi. I kombinasjon med andre emne og fag kan det inngå i ei utdanning som kvalifiserer for undervisning i filosofi i ungdomsskule eller videregåande skole. Emnet kan ogsåvere eigna som støtte til fordjuping i grunnlagsspørsmål i samband med studiet av andre fag.

Fulltid/deltid

-

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Bestått ex.phil. og ex.fac. Valemna føreset gode bakgrunnskunnskapar i filosofi og studentane bør derfor normalt ha avlagd eksamen i alle obligatoriske emne på 100-nivå. Gode engelskkunnskapar er naudsynte, sidan ein må rekne med at mykje av pensum er på engelsk.
Studiepoengsreduksjon
Emnet overlapper med FIL317 (Wittgensteinstudiar). For studentar som har tatt eitt av emna FIL211 (Valemne 1 i filosofi), FIL212 (Valemne 2 i filosofi), FIL213 (Valemne 3 i filosofi), FIL214 (Valemne 4 i filosofi), FIL301 (Forskingsemne i filosofi 1), FIL302 (Forskingsemne i filosofi 2) eller FIL303 (Forskingsemne i filosofi 3) med nærliggande tema kan det og være overlapp. Ta i så fall kontakt med studierettleiar@fof.uib.no for nærare informasjon.
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga har form av førelesingar og/eller seminar.

Rettleiing av semesteroppgåve: rettleiing er eit frivillig tilbod og kan førekomme individuelt eller i grupper.

Om det melder seg færre enn fire studentar kan talet på samlingar bli redusert. Den einskilde student vil i staden bli tilbode individuell rettleiing eller grupperettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad.

Godkjent breiddetest

Vurderingsformer

Ei semesteroppgåve på mellom 3000 og 5000 ord (ikkje medrekna innhaldsliste, litteraturliste etc). Emnet for oppgåva skal vere godkjend av faglærar på førehand. Eksamenssvaret skal leverast digitalt.

Eksamen blir arrangert kvart semester.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester

Haust/Vår

Eksamen blir arrangert kvart semester.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Litteraturliste
Litteraturlista vert tilgjengeleg på uib.no 1. juni for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje aktuelt.
Programansvarleg
Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.
Emneansvarleg
Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.
Administrativt ansvarleg
Institutt for filosofi og førstesemesterstudium.