Ope emne

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

I dette emnet tilbyr instituttet undervisning i tema som er knytt til aktuell forskning ved instituttet, men som ikkje fell inn under nokre av dei andre emna på 200-nivå. Temaet kan vere avgrensa til særskilde filosofiske problemområde eller tilnærmingsmåtar, eller til einskilde filosofiske verk eller forfattarskap.

I semester der emnet ikke har egne faglige forelesninger kan det kun tas i tilknyttning med andre emner som har undervisnings i det gitte semesteret etter avtale med instituttet.

Læringsutbyte

Kunnskap:

Etter fullført emne skal studenten ha

  • innsikt i eit nærare avgrensa tema innan særskilde filosofiske problemområde eller tilnærmingsmåtar, eller til einskilde filosofiske verk eller forfattarskap.
  • oversikt over sentrale problemstillinger, argument og posisjonar innan dette temaet.

Dugleik:

Etter fullført emne skal studenten kunne

  • kjenne att og kritisk vurdere hovudposisjonar og argument i fagfilosofisk litteratur innan temaet.
  • følgje med i den samtidsfilosofiske debatten innan temaet på eit nivå av moderat vanskegrad.
  • vurdere relevansen av temaet for andre filosofiske spørsmål, ev for andre fag eller for meir allmenne samanhengar.
  • utarbeide klare, oversiktlege og relativt grundige skriftlege framstillinger innanfor temaet, eigna til bruk for eit fagleg såvel som eit meir allment publikum.

Kompetanse:

Etter fullført emne skal studenten ha kompetanse til

  • vidare studiar basert på temaet, til dømes i form av bacheloroppgåve (FIL251 (Bacheloroppgåve i filosofi)) eller på masternivå.
  • formidling av grunnleggjande innsikt i temaet, til dømes i form av undervisning i vidaregåande skule.
  • utarbeiding av dokument for utgreiing og rådgjeving til bruk i samanhengar der innsikt i temaet er relevant.

Emnet gir grunnlag for vidare studiar med sikte på bachelorgrad med spesialisering i filosofi. I kombinasjon med andre emne og fag kan det inngå i ei utdanning som kvalifiserer for undervisning i filosofi i ungdomsskule eller videregåande skole. Emnet kan ogsåvere eigna som støtte til fordjuping i grunnlagsspørsmål i samband med studiet av andre fag.

Fulltid/deltid

-

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår og haust.

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Bestått ex.phil. og ex.fac. Valemna føreset gode bakgrunnskunnskapar i filosofi og studentane bør derfor normalt ha avlagd eksamen i alle obligatoriske emne på 100-nivå. Gode engelskkunnskapar er naudsynte, sidan ein må rekne med at mykje av pensum er på engelsk.
Studiepoengsreduksjon
For studentar som har tatt andre emne i filosofi med nærliggande tema kan det være overlapp. Ta i så fall kontakt med studierettleiar@fof.uib.no for nærare informasjon.
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga har form av førelesingar og/eller seminar.

Rettleiing av semesteroppgåve: rettleiing er eit frivillig tilbod og kan skje individuelt eller i grupper.

Om det melder seg færre enn fire studentar kan talet på samlingar bli redusert. Den einskilde student vil i staden bli tilbode individuell rettleiing eller grupperettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad.

Innlevering av pensumliste innan 15. april om våren og innan 15. oktober om hausten. Pensumlista skal innehalde emnekode, eksamenssemester og namn på student og faglærar/rettleiar, og vere utforma i samsvar med vanlege standarder for bibliografiske referansar. Sidetal for kvar einskild bok/utdrag av bok eller artikkel samt samla tal på sider skal opplysast (for elektroniske kjelder utan sidetal rekner ein 500 ord pr. side). Pensumlista skal underskrivast av faglærar og godkjennast av instituttet.

Vurderingsformer

Ei semesteroppgåve på mellom 3000 og 5000 ord (ikkje medrekna innhaldsliste, litteraturliste etc). Emnet for oppgåva skal vere godkjend av faglærar på førehand. Eksamenssvaret skal leverast digitalt.

Eksamen blir arrangert kvart semester.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester

Eksamen blir arrangert kvart semester.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Litteraturliste

Til emnet er det eit kjernepensum som studenten i samråd med faglærar skal supplere med eit særpensum.

Litteraturlista vert tilgjengeleg på uib.no 1. juni for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.

Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje aktuelt.
Programansvarleg
Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.
Emneansvarleg
Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.
Administrativt ansvarleg
Institutt for filosofi og førstesemesterstudium.