Filosofien i antikken

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet skal gje studentane høve til å fordjupe seg i sentrale filosofiske originaltekstar frå antikken, epoken frå omlag 600 f. v.t. til omlag 500. Platon og Aristoteles er dei to mest sentrale forfattarane i perioden, men tekstar av andre filosofar vil og kunne vera aktuelle (t.d. førsokratikarane, Epikur, stoikarane, Augustin). Studentane skal gjere seg kjende med sentrale filosofiske problemstillingar og samstundes opparbeide seg forståing for både det særmerkte ved filosofien i epoken, og for epokens påverknad på seinare tiders filosofi. Gjennom sekundærlitteratur vil studentane få innblikk i ulike fortolkingar av antikke tekstar.

Emnet skal gje studentane eit godt grunnlag for å studere filosofien i seinare epokar, ikkje minst samtidsfilosofien.

Læringsutbyte

Kunnskap:

Etter fullført emne skal studenten ha

  • kunnskap om sentrale filosofiske problemstillingar i antikken
  • god innsikt i problemstillingar, omgrep og argumentasjon hjå ein eller fleire utvalde filosofar i antikken
  • kunnskap om ulike moderne fortolkingar av utvalde originaltekstar
  • erfaring frå sjølvstendig arbeid med fortolking av sekundær- og originaltekstar

Dugleik:

Etter fullført emne skal studenten kunne

  • diskutere skriftleg og munnleg sentrale problemstillingar, omgrep og argumentasjon hjå utvalde filosofar
  • kjenne att så vel det særmerkte ved filosofien i antikken som denne epokens påverknad på seinare tiders filosofi

Kompetanse:

Etter fullført emne skal studenten ha kompetanse til

  • å formidle filosofiske problemstillingar frå antikkens filosofi
  • å arbeide sjølvstendig med grunnleggjande filosofiske problemstillingar i antikkens filosofi
  • å kjenne att grunnleggjande problemstillingar og argument frå antikkens filosofi i ulike kontekstar

Emnet kan inngå i ein bachelorgrad med spesialisering i filosofi. I kombinasjon med andre emne og fag kan det inngå i ei utdanning som kvalifiserer for undervisning i filosofi i ungdomsskule eller videregåande skule. Emnet kan ogsåvere eigna som støtte til fordjuping i grunnlagsspørsmål i samband med studiet av andre fag.

Fulltid/deltid

-

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Bestått ex.phil. og ex.fac. Valemna føreset gode bakgrunnskunnskapar i filosofi og studentane bør derfor normalt ha avlagd eksamen i alle obligatoriske emne på 100-nivå. Gode engelskkunnskapar er naudsynte, sidan ein må rekne med at mykje av pensum er på engelsk.
Studiepoengsreduksjon
Emnet overlapper med FIL221 (Filosofien i antikken) og FIL333 (Forskingsemne i filosofien i antikken ). For studentar som har tatt eitt av emna FIL211 (Valemne 1 i filosofi), FIL212 (Valemne 2 i filosofi), FIL213 (Valemne 3 i filosofi), FIL214 (Valemne 4 i filosofi), FIL301 (Forskingsemne i filosofi 1), FIL302 (Forskingsemne i filosofi 2) eller FIL303 (Forskingsemne i filosofi 3) med nærliggande tema kan det også være overlapp. Ta i så fall kontakt med instituttet for nærare informasjon.
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga har form av førelesingar og/eller seminar.

Rettleiing av oppgåve: rettleiing er eit frivillig tilbod og kan førekomme individuelt eller i grupper.

Om det melder seg færre enn fire studentar kan talet på samlingar bli redusert. Den einskilde student vil i staden bli tilbode individuell rettleiing eller grupperettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer

Ei semesteroppgåve på mellom 3000 og 5000 ord (ikkje medrekna innhaldsliste, litteraturliste etc). Emnet for oppgåva skal vere godkjend av faglærar på førehand. Eksamenssvaret skal leverast digitalt.

Eksamen blir arrangert kvart semester.

Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester

Haust/Vår

Eksamen blir arrangert kvart semester.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Litteraturliste
Litteraturlista vert tilgjengeleg på uib.no 1. juni for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje aktuelt.
Programansvarleg
Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.
Emneansvarleg
Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.
Administrativt ansvarleg
Institutt for filosofi og førstesemesterstudium.