Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Rettsfilosofi

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeFIL241
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk eller engelsk
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

-

Undervisningssemester

Haust i partalsår

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

Rettsfilosofi er ein disiplin innan praktisk filosofi med tverrfagleg karakter. Dens formål er å undersøkje lovverket. Dette gjer disiplinen til ein del av rettsvitskapen, og skil den frå andre filosofiske disiplinar som politisk filosofi eller etikk på den eine sida; og dens filosofiske metode gjer den til ein del av filosofien og skil den frå andre rettsvitskaplege disiplinar på den andre sida. I motsetning til den juridisk dogmatikken, undersøkjer den loven frå eit eksternt perspektiv, og i motsetning til rettssosiologi eller rettshistorie gjør den det frå eit normativt og analytisk perspektiv i staden for frå eit berre beskrivande perspektiv. Kurset tar opp problemstillingar som er sentrale i rettsfilosofien, slik som omgrep og grunnlag i loven og dens forhold til moral, samt konkrete problemstillingar frå (inter)nasjonal lovgiving som legitimiteten til politiske institusjonar, grensene for nasjonal suverenitet, eller doktrina om rettferdig krig.

Læringsutbyte

Kunnskap:

Etter fullført emne skal studenten ha

  • ei historisk tufta analytisk forståing av sentrale omgrep, prinsipp og tradisjonar innan rettsfilsofien
  • ei generell forståing av sentrale spørsmål og konkrete problemstillingar innanføre rettsfilsofien

Dugleik:

Etter fullført emne skal studenten kunne

  • forstå og kritisk vurdere dei viktigaste tradisjonane, teoriane, prinsippa og argumenta både i faglitteratur og i offentlige diskusjonar
  • formidle, på ein analytisk og strukturert måte, hovudtrekka i dei viktigaste tradisjonane, teoriane, prinsippa og argumenta innan disiplinen, samt i offentlige kontekstar
  • reflektere over relevansen av dei viktigaste tradisjonane, teoriane, prinsippa og argumenta for å forstå dagens politiske og juridiske debatter

Kompetanse:

Etter fullført emne skal studenten ha kompetanse til

  • finne og identifisere sentral litteratur innan rettsfilosofien
  • formidle kunnskap om denne litteraturen og dens perspektiv på aktuelle politiske og juridiske problemstillingar til både eit akademisk så vel som offentlige publikum
  • teste potensialet i sentrale posisjonar, prinsipp og argument med sikte på å analysere, strukturere og løyse aktuelle politiske og juridiske problem

Emnet gir grunnlag for vidare studiar med sikte på bachelorgrad med spesialisering i filosofi. I kombinasjon med andre emne og fag kan det inngå i ei utdanning som kvalifiserer for undervisning i filosofi i ungdomsskule eller videregåande skule. Emnet kan også vere eigna som støtte til fordjuping i grunnlagsspørsmål i samband med studiet av andre fag.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Bestått ex.phil. og ex.fac. Valemna føreset gode bakgrunnskunnskapar i filosofi og studentane bør derfor normalt ha avlagd eksamen i alle obligatoriske emne på 100-nivå. Gode engelskkunnskapar er naudsynte, sidan ein må rekne med at mykje av pensum er på engelsk.

Studiepoengsreduksjon

FIL241 overlapper med FIL341 (Forskingsemne i rettsfilosofi).

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga har form av førelesingar og/eller seminar.

Rettleiing av semesteroppgåve: rettleiing er eit frivillig tilbod og kan skje individuelt eller i grupper.

Om det melder seg færre enn fire studentar kan talet på samlingar bli redusert. Den einskilde student vil i staden bli tilbode individuell rettleiing eller grupperettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen arbeidskrav

Vurderingsformer

Ei oppgåve på mellom 3000 og 5000 ord (ikkje medrekna innhaldsliste, litteraturliste etc). Emnet for oppgåva skal vere godkjend av faglærar på førehand. Oppgåva skal leverast digitalt og blir sensurert ved slutten av semesteret.

Vurdering i eit semester utan undervisning følger pensumet førre semester emnet hadde undervisning.

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje aktuelt.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Haust/Vår

Litteraturliste

Litteraturlista vert tilgjengeleg på uib.no 1. juni for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.

Emneansvarleg

Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.

Administrativt ansvarleg

Institutt for filosofi og førstesemesterstudium.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@fof.uib.no

Eksamensadministrasjon: eksamen@fof.uib.no