Språkfilosofi

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Filosofi har til alle tider vore opptatt av kva for ei rolle språket speler for kunnskap, for grunngjeving og for korleis vi oppfattar verda ikring oss. I nyare tid har spørsmål om språkleg meining og referanse og om tilhøvet mellom språk, omgrep, logikk, tenkning, erfaring og røynsle vore sentrale. Sidan forrige hundreåret har mange også sett språkleg analyse som filosofiens grunnleggjande metode. Derfor er det naudsynt å ha kjennskap til moderne språkfilosofi for å kunne orientere seg i samtidsfilosofien.

FIL245 skal gje studentane eit oversyn over viktige grunnomgrep, argument og posisjonar i språkfilosofi. Hovudvekta ligg på tema i samtidsfilosofien, men det vil ofte vere aktuelt å ta utgangspunkt i filosofiske verk og posisjonar frå eldre tider. Etter fullført emne skal studentane vere i stand til å formidle sentrale teoriar og problemstillingar innanfor språkfilosofi og sjå relevansen av desse i andre samanhengar. Emnet skal gi grunnlag for vidare studiar i filosofi på bachelornivå.

Læringsutbyte

Kunnskap:

Etter fullført emne skal studentane ha god kjennskap til viktige grunnomgrep, argument og posisjonar i moderne språkfilosofi.

Dugleik:

Etter fullført emne skal studentane kunne kjenne att og formidle innsikt i grunnleggjande problemstillingar og argument innan språkfilosofi i ulike samanhengar.

Kompetanse:

Emnet gir grunnlag for vidare studiar med sikte på bachelorgrad med spesialisering i filosofi. I kombinasjon med andre emne og fag kan det inngå i ei utdanning som kvalifiserer for undervisning i filosofi i ungdomsskule eller videregåande skule. Emnet kan også vere eigna som støtte til fordjuping i grunnlagsspørsmål i samband med studiet av andre fag.

Fulltid/deltid

-

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor.

Undervisningssemester

Haust i oddetalsår

Undervisningsstad

Bergen.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Bestått ex.phil. og ex.fac. Valemna føreset gode bakgrunnskunnskapar i filosofi og studentane bør derfor normalt ha avlagd eksamen i alle obligatoriske emne på 100-nivå. Gode engelskkunnskapar er naudsynte, sidan ein må rekne med at mykje av pensum er på engelsk.
Studiepoengsreduksjon
FIL245 overlapper med FIL345 (10 stp).
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga har form av førelesingar og/eller seminar.

Rettleiing av semesteroppgåve: rettleiing er eit frivillig tilbod og kan skje individuelt eller i grupper.

Om det melder seg færre enn fire studentar kan talet på samlingar bli redusert. Den einskilde student vil i staden bli tilbode individuell rettleiing eller grupperettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen arbeidskrav
Vurderingsformer

Ei semesteroppgåve på mellom 3000 og 5000 ord (ikkje medrekna innhaldsliste, litteraturliste etc). Emnet for oppgåva skal vere godkjend av faglærar på førehand. Oppgåva skal leverast digitalt og blir sensurert ved slutten av semesteret.

Vurdering i eit semester utan undervisning følger pensumet førre semester emnet hadde undervisning.

Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Haust/Vår
Litteraturliste
Litteraturlista vert tilgjengeleg på uib.no 1. juni for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje aktuelt.
Programansvarleg
Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.
Emneansvarleg
Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.
Administrativt ansvarleg
Institutt for filosofi og førstesemesterstudium.