Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Kontinental filosofi

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Læringsmål: Kurset skal ta føre seg nokre av dei grunnleggjande omgrepa i den moderne tenkinga gjennom lesing av ein eller flere sentrale klassiske tekstar . Kurset skal utvikle studentane sine evner til analytisk og historisk-kritisk lesing av klassike originaltekstar i den moderne filosofiske tenkning og sosial tradisjon.

Fagleg innhald: Emnet vil ta utgangspunkt i ein problematikk som vil bli studert på grunnlag av sentrale originale klassiske tekstar. Emnet vil gi studentane mulighet til fordypning i relvante filosofiske problemstillingar i modernitet. med særlig fokus på tilhøvet mellom teoriutvikling og politiske, økonomiske og sosiale problemstillingar som ei gitt samtid reiser.

Læringsutbyte

Kunnskap:

Etter fullført emne skal studenten ha

kunnskap om ein eller fleire relevante problemstillingar som blir diskutert i den moderne tenkningshistoria.

god kjennskap til ein eller fleire originaltekstar.

Dugleik:

Etter fullført emne skal studenten kunne

tileigne seg kunnskap om omgrep i den moderne tenkinga.

nytte fagleg funderte metodar for å analysere dei teoretiske og konseptuelle kjernepunkta i den moderne tenkinga.

skrive ein resonnerande tekst.

Kompetanse:

Etter fullført emne skal studenten ha kompetanse til

arbeide sjølvstendig og kommunisere om faglege tema.

å lese moderne filosofike klassiske tekstar på eit høgt fagleg nivå.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Bestått ex.phil. og ex.fac. Valemna føreset gode bakgrunnskunnskapar i filosofi og studentane bør derfor normalt ha avlagd eksamen i alle obligatoriske emne på 100-nivå. Gode engelskkunnskapar er naudsynte, sidan ein må rekne med at mykje av pensum er på engelsk.

Studiepoengsreduksjon

FIL246 overlappar med FIL346, FIL238/338 (Moderne europeisk filosofi) samt 10 SP med IDH203 (Det moderne: klassiske tekstar) og IDH202 (Idéhistorie: teori og metode).

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga har form av førelesingar og/eller seminar.

Om det melder seg færre enn fire studentar kan talet på samlingar bli redusert. Den einskilde student vil i staden bli tilbode individuell rettleiing eller grupperettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad.

Innlevering av utkast til rettleia oppgåve før individuell rettleiing.

Individuell rettleiing ved faglærar

Vurderingsformer

Ei rettleia oppgåve på mellom 3000 og 5000 ord (ikkje medrekna innhaldsliste, litteraturliste etc). Emnet for oppgåva skal vere godkjend av faglærar på førehand. Eksamenssvaret skal leverast digitalt.

Eksamen blir arrangert kvart semester.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje aktuelt.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Haust/Vår

Eksamen blir arrangert kvart semester.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Litteraturliste

Litteraturlista vert tilgjengeleg på uib.no 1. juni for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem

Programansvarleg

Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi

Emneansvarleg

Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi

Administrativt ansvarleg

Institutt for filosofi og førstesemesterstudium

Institutt

Institutt for filosofi og førstesemesterstudier

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Oppgåve

    Innleveringsfrist
    18.12.2019, 13:00
    Trekkfrist
    27.11.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen