Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Epistemologi

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

-

Undervisningssemester

Vår i oddetalsår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet gir studentane ei utdjuping i debattar og spørsmål om kunnskap, til dømes: Finst det ein definisjon av kunnskap som er immun mot Gettier-moteksempel? Kva er fordelar og utfordringar med ein dydsepistemologisk tilnærming? Korleis kan andre sine vitnesbyrd rettferdiggjere våre overtydingar? Finnes det apriori kunnskap? Kurset er fleksibelt: det kan handle om ein del filosofiske posisjonar, eller det kan bli fokusert på eitt eller to tema, f. eks. relativisme, kontekstualisme, skeptisisme, invariantisme, epistemiske modalitetar, dydsepistemologi, kunnskapen sin verdi, forståinga si epistemologi, sosial epistemologi, formal epistemologi, rasjonalitet, eller pragmatisme. Hovudvekta ligg på tema i samtidsfilosofien, men det kan vere aktuelt å ta utgangspunkt i filosofiske verk og posisjonar frå eldre tider. Etter fullført emne skal studentane vere i stand til å vurdere og formidle sentrale teoriar og problemstillingar innanføre epistemologi, og sjå relevansen av desse i andre samanhengar. Emnet skal gi grunnlag for vidare studiar i filosofi på bachelornivå.

Læringsutbyte

Kunnskap:

Etter fullført emne skal studenten ha:

  • utdjupande kjennskap til viktige grunnomgrep, argument og posisjonar i ein eller fleire forskingsområde i epistemologi.

Dugleik:

Etter fullført emne skal studenten kunne:

  • identifisere, analysere og formidle sentrale problemstillingar, posisjonar og argument i eitt eller fleire forskingsområde i epistemologi
  • identifisere sterke og svake sider ved sentrale posisjonar i eitt eller fleire forskingsområde i epistemologi
  • forstå i hovudtrekk aktuelle bidrag i eitt eller fleire forskingsområde i epistemologi

Kompetanse:

Etter fullført emne skal studenten ha kompetanse til:

  • vidare studiar i epistemologi, t.d. på masternivå.

Emnet kan inngå i ein bachelorgrad med spesialisering i filosofi. I kombinasjon med andre emne og fag kan det inngå i ei utdanning som kvalifiserer for undervisning i filosofi i ungdomsskule eller videregåande skule. Emnet kan òg vere eigna som støtte til fordjuping i grunnlagsspørsmål i samband med studiet av andre fag.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Bestått ex.phil. og ex.fac. Valemna føreset gode bakgrunnskunnskapar i filosofi og studentane bør derfor normalt ha avlagd eksamen i alle obligatoriske emne på 100-nivå. Gode engelskkunnskapar er naudsynte, sidan ein må rekne med at mykje av pensum er på engelsk.

Studiepoengsreduksjon

FIL247 overlappar 10 SP med FIL347 (Forskingsemne i epistimologi).

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga har form av førelesingar og/eller seminar.

Rettleiing av oppgåve: rettleiing er eit frivillig tilbod og kan førekomme individuelt eller i grupper.

Om det melder seg færre enn fire studentar kan talet på samlingar bli redusert. Den einskilde student vil i staden bli tilbode individuell rettleiing eller grupperettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad, jamfør ordinære reglar.

Innlevering av eitt oppgåvesvar på 900-1200 ord. Oppgåva blir gitt av faglærar. Innleveringsfrist blir sett av instituttet. Svaret må vere godkjent for at ein skal kunne gå opp til eksamen.

Bestått breiddetest

Vurderingsformer

Ei semesteroppgåve på mellom 3000 og 5000 ord (ikkje medrekna innhaldsliste, litteraturliste etc). Emnet for oppgåva skal vere godkjend av faglærar på førehand. Oppgåva skal leverast digitalt og blir sensurert ved slutten av semesteret.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Vurdering i eit semester utan undervisning følger pensumet førre semester emnet hadde undervisning.

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje aktuelt.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Haust/Vår

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Litteraturliste

Litteraturlista vert tilgjengeleg på uib.no 1. juni for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.

Emneansvarleg

Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.

Administrativt ansvarleg

Institutt for filosofi og førstesemesterstudium.

Kontakt

Studierettleiar: studierettleiar@fof.uib.no

Eksamensadministrasjon: eksamen@fof.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Rettleidd oppgåve

    Innleveringsfrist
    22.05.2023, 23:59
    Trekkfrist
    01.05.2023
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen