Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Politisk filosofi

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Politisk filosofi er eit tverrfagleg forskingsfelt der spørsmål knytta til rettferdig fordeling, demokratiteori, anerkjenning av minoriteter, samt forskjellige forståelser av makt står sentralt. Politisk teori analyserer og reflekterer over aktuelle politiske spørsmål og sosiale, kulturelle og institusjonelle endringsprosesser. Kurset tar opp tema innanføre hovedretningar og sentrale problemstillingar i politisk teori fra om lag 1970 til i dag, med vekt på både empirisk-deskriptive og normative teoridanningar (liberalisme, kommunitarisme, proseduralisme), og postmoderne perspektiv på stat, individ og samfunn.

Læringsutbyte

Kunnskap:

Etter fullført emne skal studenten ha

  • eit generelt oversyn over sentrale omgrep, teoridanningar og stridsspørsmål i nyare politisk teori.
  • ei generell forståing av likskapar og skilnader mellom ulike teoretiske innfallsvinklar, argumentasjons- og framstillingsmåtar.

Dugleik:

Etter fullført emne skal studenten kunne

  • kjenne att og kritisk vurdere teoretiske hovudposisjonar, argumentasjons- og framstillingsmåtar i fagfilosofisk litteratur og i allmenne politiske diskusjonar.
  • formidle trekk ved desse hovudposisjonane og argumentasjonsmåtane i faglege så vel som i allmenne samanhengar.
  • reflektere over relevansen av ulike retningar i moderne politisk teori for forståinga av aktuelle sosiale, kulturelle og institusjonelle endringsprosessar.

Kompetanse:

Etter fullført emne skal studenten ha kompetanse til

  • på sjølvstendig grunnlag å finne fram til og setje seg inn i sentral litteratur i samtidig politisk teori.
  • å formidle kunnskap om denne litteraturen og dei perspektiva den gjev på aktuelle spørsmål til eit fagleg og til eit allment publikum.
  • å vurdere relevansen av sentrale omgrep og teoridanningar i analyse av og refleksjon over sentrale politiske stridsspørsmål.
  • å identifisere og kritisk vurdere argumentasjons- og framstillingsmåter både i faglege og allmenne tekstar om sosiale, kulturelle og institusjonelle endringsprosessar.

I kombinasjon med andre emne og fag kan det inngå i ei utdanning som kvalifiserer for undervisning i filosofi i ungdomsskule eller videregåande skole. Emnet kan og vere eigna som støtte til fordjuping i grunnlagsspørsmål i samband med studiet av andre fag.

Tilrådde forkunnskapar

Bestått ex.phil. og ex.fac. Valemna føreset gode bakgrunnskunnskapar i filosofi og studentane bør derfor normalt ha avlagd eksamen i alle obligatoriske emne på 100-nivå. Gode engelskkunnskapar er naudsynte, sidan ein må rekne med at mykje av pensum er på engelsk.

Studiepoengsreduksjon

FIL249 overlappar med FIL349 (Forskingsemne i politisk filosofi). For studentar som har tatt eitt av emna FIL216 (), FIL116 (Innføring i moderne politisk teori), FIL316 (), FIL211 (Valemne 1 i filosofi), FIL212 (Valemne 2 i filosofi), FIL213 (Valemne 3 i filosofi), FIL214 (Valemne 4 i filosofi), FIL225 (Moderne politisk teori), FIL301 (Forskingsemne i filosofi 1), FIL302 (Forskingsemne i filosofi 2) eller FIL303 (Forskingsemne i filosofi 3) med nærliggande tema kan det òg være overlapp. Ta i så fall kontakt med studierettleiar@fof.uib.no for nærare informasjon.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga har form av førelesingar og/eller seminar

Om det melder seg færre enn fire studentar kan talet på samlingar bli redusert. Den einskilde student vil i staden bli tilbode individuell rettleiing eller grupperettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad, jamfør ordinære reglar.

Innlevering av utkast til rettleia oppgåve før individuell rettleiing.

Individuell rettleiing ved faglærar.

Innlevering av eitt oppgåvesvar på 900-1200 ord. Oppgåva blir gitt av faglærar. Innleveringsfrist blir sett av instituttet. Svaret må vere godkjent for at ein skal kunne gå opp til eksamen.

Vurderingsformer

Ei rettleia oppgåve på mellom 3000 og 5000 ord (ikkje medrekna innhaldsliste, litteraturliste etc). Emnet for oppgåva skal vere godkjend av faglærar på førehand. Oppgåva skal leverast digitalt og blir sensurert ved slutten av semesteret.

Eksamen blir arrangert kvart semester.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Karakterskala

Karakterskala frå A til F.

Vurderingssemester

Vår.

Eksamen blir arrangert kvart semester.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Litteraturliste

Litteraturlista vert tilgjengeleg på uib.no 1. juni for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emnet blir evaluert med jamne mellomrom.

Programansvarleg

Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.

Emneansvarleg

Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.

Administrativt ansvarleg

Institutt for filosofi og førstesemesterstudium.

Institutt

Institutt for filosofi og førstesemesterstudier

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for filosofi og førstesemesterstudier

E-post: studierettleiar@fof.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Oppgåve

    Innleveringsfrist
    13.05.2019, 13:00
    Trekkfrist
    22.04.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen