Masteremne i estetikk

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet skal diskutere filosofiske problemstillingar og posisjonar som er sentrale for filosofisk estetikk og for den teoretiske refleksjonen over dei estetiske faga. Kurset har i hovudsak ei tematisk tilnærming, men klassikarane har også ei sentral stilling. Eksempel på viktige tema er definisjonen av kunst, estetisk erfaring, kunst og erkjenning, og smak.

Læringsutbyte

Kunnskap:

Etter fullført emne skal studentane ha god kjennskap til dei viktigaste grunnomgrepa og teoriane i estetikken.

Dugleik:

Etter fullført emne skal studenten kunne

  • syne god innsikt i filosofisk estetikk.
  • gjere greie for viktige posisjonar i filosofisk estetikk.
  • identifisere og kritisk analysere ulike teoriar innan dei områda kurset tek for seg.

Kompetanse:

Emnet kan vere eigna som støtte til fordjuping i grunnlagsspørsmål i samband med studiet av andre fag, særleg estetiske fag.

Fulltid/deltid

-

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår i oddetalsår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Gode engelskkunnskapar er naudsynte, sidan ein må rekne med at mykje av pensum er på engelsk.
Studiepoengsreduksjon
Emnet overlapper med FIL218 (Estetikk). For studentar som har tatt eitt av emna FIL211 (Valemne 1 i filosofi), FIL212 (Valemne 2 i filosofi), FIL213 (Valemne 3 i filosofi), FIL214 (Valemne 4 i filosofi), FIL301 (Forskingsemne i filosofi 1), FIL302 (Forskingsemne i filosofi 2) eller FIL303 (Forskingsemne i filosofi 3) med nærliggande tema kan det og være overlapp. Ta i så fall kontakt med studierettleiar@fof.uib.no for nærare informasjon.
Krav til studierett
For å ta emnet må ein vere tatt opp på masterstudiet i filosofi. Studentar som ikkje har studierett ved masterprogrammet kan ta kontakt med studieveileder@fof.uib.no
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga har form av førelesingar og/eller seminar.

Om det melder seg færre enn fire studentar kan talet på samlingar bli redusert. Den einskilde student vil i staden bli tilbode individuell rettleiing eller grupperettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad.

  • Studentane skal levere forslag og utkast til mappeoppgåve nr. 2. Fristar blir bestemt av instituttet
  • Studentane må delta på ei rettleiingsøkt med faglærar
  • Munnleg innlegg
Vurderingsformer

Emnet har mappevurdering. Studentane skal levere skriftleg svar på to oppgåver. Fristar blir sette av instituttet. Den første oppgava er om eit tema valgt frå ei liste levert av kurslærer, og skal vere på 1500-2000 ord (ikkje medrekna innhaldsliste, litteraturliste etc). Den andre oppgåva skal vere rettleia av faglærar og på mellom 3000 - 5000 ord (ikkje medrekna innhaldsliste, litteraturliste etc). Tema er sjølvvald, men må vere godkjend av faglærar på førehand. Mappa vert vurdert heilheitleg, men i vektinga av endeleg karakter tel den første oppgåva 20% og den andre oppgåva 80%

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Vurdering i eit semester utan undervisning følger pensumet førre semester emnet hadde undervisning.

Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester

Haust/Vår

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Litteraturliste
Litteraturlista vert tilgjengeleg på uib.no 1. juni for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje aktuelt.
Programansvarleg
Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.
Emneansvarleg
Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.
Administrativt ansvarleg
Institutt for filosofi og førstesemesterstudium.