Hjem
Studentsider
Masteremne

Masteremne i filosofien i antikken

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Fulltid/deltid

-

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet skal gje studentane høve til å fordjupe seg i sentrale filosofiske originaltekstar frå antikken, epoken frå omlag 600 f. v.t. til omlag 500. Platon og Aristoteles er dei to mest sentrale forfattarane i perioden, men tekstar av andre filosofar vil og kunne vera aktuelle (t.d. førsokratikarane, Epikur, stoikarane, Augustin). Studentane skal gjere seg kjende med sentrale filosofiske problemstillingar og samstundes opparbeide seg forståing for både det særmerkte ved filosofien i epoken, og for epokens påverknad på seinare tiders filosofi. Gjennom sekundærlitteratur vil studentane få innblikk i ulike fortolkingar av antikke tekstar.

Emnet skal gje studentane eit godt grunnlag for å studere filosofien i seinare epokar, ikkje minst samtidsfilosofien.

Læringsutbyte

Kunnskap:

Etter fullført emne skal studenten ha

  • kunnskap om sentrale filosofiske problemstillingar i antikken
  • god innsikt i problemstillingar, omgrep og argumentasjon hjå utvalde filosofar
  • kunnskap om ulike moderne fortolkingar av utvalde originaltekstar
  • erfaring frå sjølvstendig arbeid med fortolking av originaltekstar

Dugleik:

Etter fullført emne skal studenten kunne

  • diskutere skriftleg og munnleg sentrale problemstillingar, omgrep og argumentasjon hjå utvalde filosofar
  • kjenne att så vel det særmerkte ved filosofien i antikken som denne epokens påverknad på seinare tiders filosofi

Kompetanse:

Etter fullført emne skal studenten ha kompetanse til

  • å formidle filosofiske problemstillingar frå antikkens filosofi
  • å arbeide sjølvstendig med grunnleggjande filosofiske problemstillingar i antikkens filosofi
  • å kjenne att grunnleggjande problemstillingar og argument frå antikkens filosofi i ulike kontekstar

Emnet kan også vere eigna som støtte til fordjuping i grunnlagsspørsmål i samband med studiet av andre fag.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Gode engelskkunnskapar er naudsynte, sidan ein må rekne med at mykje av pensum er på engelsk.

Studiepoengsreduksjon

Emnet overlapper med FIL233 ( Filosofien i antikken ) og FIL221 (Filosofien i antikken). For studentar som har tatt eitt av emna FIL211 (Valemne 1 i filosofi), FIL212 (Valemne 2 i filosofi), FIL213 (Valemne 3 i filosofi), FIL214 (Valemne 4 i filosofi), FIL301 (Forskingsemne i filosofi 1), FIL302 (Forskingsemne i filosofi 2) eller FIL302 (Forskingsemne i filosofi 2) med nærliggande tema kan det også være overlapp. Ta i så fall kontakt med instituttet for nærare informasjon.

Krav til studierett

For å ta emnet må ein vere tatt opp på masterstudiet i filosofi.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga har form av førelesingar og/eller seminar.

Rettleiing av oppgåve: rettleiing er eit frivillig tilbod og kan førekomme individuelt eller i grupper.

Om det melder seg færre enn fire studentar kan talet på samlingar bli redusert. Den einskilde student vil i staden bli tilbode individuell rettleiing eller grupperettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

Ei semesteroppgåve på mellom 4000 og 6000 ord (ikkje medrekna innhaldsliste, litteraturliste etc). Emnet for oppgåva skal vere godkjend av faglærar på førehand. Eksamenssvaret skal leverast digitalt.

Eksamen blir arrangert kvart semester.

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje aktuelt.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Eksamen blir arrangert kvart semester.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Litteraturliste

Litteraturlista vert tilgjengeleg på uib.no 1. juni for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.

Emneansvarleg

Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.

Administrativt ansvarleg

Institutt for filosofi og førstesemesterstudium.

Kontakt

Studierettleiar: studierettleiar@fof.uib.no

Eksamensadministrasjon: eksamen@fof.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Oppgåve

    Innleveringsfrist
    29.04.2021, 13:00
    Trekkfrist
    08.04.2021
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen