Masteremne i sinnsfilosofi

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet skal gje studentane ei innføring i moderne sinnsfilosofi. Sinnsfilosofien er oppteken av tilhøvet mellom dei mentale eller psykologiske aspekta ved ein person og personen sine kroppslege eigenskapar. Temaet har ei historie som går tilbake til klassisk gresk filosofi, men i ein moderne kontekst representerer særleg Descartes sin dualisme den klassiske utfordringa som ulike sinnsfilosofiske retningar har prøvd å overvinna. Emnet har til føremål å presentere dei viktigaste moderne alternativa til denne dualismen,der spørsmål om kva medvit er og korleis medvit kan forklarast innanføre eit naturvitskapeleg rammeverk er sentrale.

Læringsutbyte

Kunnskap: Etter fullført emne skal studenten ha

  • oversyn over dei viktigaste hovudretningane innanfor sinnsfilosofien i det 20. hundreåret, slik som behaviorismen, den psykofysiske identitetsteorien, funksjonalismen, eigenskapsdualismen og den eliminative materialismen.
  • innsikt i problemstillingar som er felles utfordringar for desse retningane, slik som spørsmålet om kva intensjonalitet er, spørsmålet om korleis opplevingsmedvit forheldt seg til ein person sine materielle eigenskapar og prosessar, samt korleis vi kan forstå mental kausalitet.
  • innsikt i diskusjonar om korvidt og korleis medvit kan forklarast innanføre eit naturvitskapeleg rammeverk.
  • innsikt i problem som berører sinnsfilosofi, som spørsmål om moglegheita av kunstig intelligens, korvidt vi har fri vilje, kva personleg identitet er og ulike syn på sjølvet.
  • ei djupare innsikt i eitt av tema som kurset omfattar, inkludert kjennskap til forskingslitteraturen

Dugleik: Etter fullført emne skal studenten kunne

  • skilje mellom sterke og svake sider ved dei ulike hovudposisjonane i sinnsfilosofien i det 20. hundreåret.
  • formidle kunnskap om desse posisjonane i faglege så vel som meir allmenne samanhengar.
  • forstå at løysingar på problem i sinnsfilosofien krev noko meir enn empiriske kunnskapar, samstundes som ein skjøner at nyvinningar i psykologi og nevrofysiologi kan skipe grunnlag for ein vekselbruk mellom filosofisk omgrepsanalyse og empirisk forsking.
  • orientere seg i forskingslitteraturen og bruke denne til å formulere forskingsspørsmål knytta til tema omfatta av kurset
  • lage utkast til og ferdigstille ein forskingsartikkel som forholder seg til relevant litteratur

Kompetanse: Etter fullført emne skal studenten ha kompetanse

  • vidare studiar i kognitiv vitskap.
  • å følgje med og delta i den samtidsfilosofiske debatten om problema i sinnsfilosofi på eit høgt nivå.
  • å sjølv kunne vidareformidle innsikt i problema for personar uten særlege bakgrunnskunnskapar i emnet.

Fulltid/deltid

-

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår.

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Gode engelskkunnskapar er naudsynte, sidan ein må rekne med at mykje av pensum er på engelsk.
Studiepoengsreduksjon
FIL335 overlappar 10 studiepoeng med FIL235.
Krav til studierett
For å ta emnet må ein vere tatt opp på masterstudiet i filosofi. Studentar som ikkje har studierett ved masterprogrammet kan ta kontakt med studieveileder@fof.uib.no
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga har form av førelesingar.

Om det melder seg færre enn fire studentar kan talet på samlingar bli redusert. Den einskilde student vil i staden bli tilbode individuell rettleiing eller grupperettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad.

  • Studentane skal levere forslag og utkast til mappeoppgåve nr. 2. Fristar blir bestemt av instituttet
  • Studentane må delta på ei rettleiingsøkt med faglærar
Vurderingsformer

Emnet har mappevurdering. Studentane skal levere skriftleg svar på to oppgåver. Fristar blir sette av instituttet. Den første oppgava er om eit tema valgt frå ei liste levert av kurslærer, og skal vere på 1500-2000 ord (ikkje medrekna innhaldsliste, litteraturliste etc). Den andre oppgåva skal vere rettleia av faglærar og på mellom 3000 - 5000 ord (ikkje medrekna innhaldsliste, litteraturliste etc). Tema er sjølvvald, men må vere godkjend av faglærar på førehand. Mappa vert vurdert heilheitleg, men i vektinga av endeleg karakter tel den første oppgåva 20% og den andre oppgåva 80%

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Vurdering i eit semester utan undervisning følger pensumet førre semester emnet hadde undervisning.

Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester

Vår.

Eksamen blir arrangert kvart semester.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Litteraturliste

Pensum er basert på ei introduksjonsbok i sinnsfilosofi på engelsk, samt eit utval med artiklar på engelsk henta frå nyare sinnsfilosofi.

Litteraturlista vert tilgjengeleg på uib.no 1. juni for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.

Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje aktuelt.
Programansvarleg
Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.
Emneansvarleg
Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.
Administrativt ansvarleg
Institutt for filosofi og førstesemesterstudium.