Filosofi mastergradsoppgåve

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Masteroppgåva skal dokumentere at studenten har evne til å arbeide systematisk og sjølvstendig med filosofiske problemstillingar., og identifisere og artikulere sentrale omgrep, argument og posisjonar i det aktuelle problemområdet.

Masteroppgåva kan anten bestå av eit samanhengande arbeid, eller være sett saman av fleire mindre arbeid som står i ein indre fagleg samanheng med kvarandre. Om studenten vel ei samansett masteroppgåve, skal denne innehalde ei innleiing som syner korleis dei ulike mindre arbeida heng saman. Lengda på oppgåva skal være i samsvar med fakultetet sitt vedtak om kva lengd ei masteroppgåve skal ha.

Læringsutbyte

Kunnskap:

Etter fullført emne skal studenten ha

  • god innsikt i litteratur, omgrep, argument og posisjonar innanfor temaet for masteroppgåva

Dugleik:

Etter fullført emne skal studenten kunne

  • arbeide systematisk og sjølvstendig med filosofiske problemstillinger
  • meistra litteratursøking, gjennomgang og bruk av forskingslitteratur

Kompetanse:

Etter fullført emne skal studenten ha kompetanse til

  • formidling av innsikt i temaet, til dømes i form av undervisning i vidaregåande skule
  • vidare studiar basert på tema for masteroppgåva på doktorgradsnivå
  • utarbeiding av dokument for utgreiing og rådgjeving til bruk i samanhengar der innsikt i temaet er relevant

Studiepoeng, omfang

30 SP

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår og haust

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad med 90 stp. spesialisering i filosofi eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

Studenten bør ha fullført kursdelen av masterprogrammet før han tar til med masteroppgåva. Gode engelskkunnskapar er naudsynte, sidan ein må rekne med at mykje av pensum er på engelsk.

Krav til studierett
For å ta emnet må ein vere tatt opp på masterstudiet i filosofi.
Arbeids- og undervisningsformer

Arbeidet med masteroppgåva er normert til 1 semester og blir normalt lagt til det siste semesteret av studiet.

Det er ein føresetnad at studenten med jamne mellomrom drøftar masteroppgåva med den/dei faglege rettleiaren/rettleiarane sin(e).

Sjå rettleiingskontrakten for masterprogrammet for antall rettleiingstimar og andre rettar og pliktar som er knytt til studiet.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad, jamfør ordinære reglar.

Student og rettleiar skriv båe under på ein rettleiingskontrakt der rettar og plikter er presiserte. Innlevering av pensumliste samstundes med innlevering av masteroppgåva. Pensumlista skal innehalde emnekode, eksamenssemester og namn på student og faglærar/rettleiar, og vere utforma i samsvar med vanlege standardar for bibliografiske referansar. Sidetal for kvar einskild bok/utdrag av bok eller artikkel samt samla tal på sider skal opplysast (for elektroniske kjelder utan sidetal rekner ein 500 ord pr. side). Pensumlista skal underskrivast av rettleiar og godkjennast av instituttet.

Vurderingsformer

Masteroppgåva skal vere på mellom 55 og 70 sider (20.000-25.000 ord). Sjå utfyllande reglement for Det humanistiske fakultet. Masteroppgåva skal leverast digitalt.

Studenten skal ha ein munnleg eksamen, der karakteren på masteroppgåva kan justerast inntil ein karakter opp eller ned. Ein må få ståkarakter på begge delane for å få ståkarakter i emnet.

Eksamen blir arrangert kvart semester.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Innlevering av masteroppgåva kan skje fire gonger i året; 1. februar, 15. mai, 1. september og 20. november. Desse fristane er sett av Det humanistiske fakultet.

Karakterskala

Karakterskala frå A til F.

Vurderingssemester

Haust/Vår

Eksamen blir arrangert kvart semester.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Emneevaluering
Emnet blir evaluert med jamne mellomrom.
Programansvarleg
Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.
Emneansvarleg
Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.
Administrativt ansvarleg
Institutt for filosofi og førstesemesterstudium.