Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Fransk kulturkunnskap og omsetjing fransk-norsk

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeFRAN103
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk og fransk
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet er tredelt.

Studenten skal

  1. få ei innføring i fransk historie frå ca. 1600 og fram til i dag
  2. få ei innføring i den franskspråklege verda utanom Frankrike (la francophonie)
  3. få trening i omsetjing frå fransk til norsk

Læringsutbyte

Studentane har skaffa seg kunnskap om fransk historie frå 1600-talet til i dag og kan drøfta problemstillingar knytte til viktige historiske hendingar i Frankrike. Dei kjenner til frankofoniens utbreiing og situasjon i verda og er i stand til å diskutera og gje eit oversyn over situasjonen til språket internasjonalt. Studentane kan omsetja tekstar frå dagspressa frå fransk til norsk.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

For å gjennomføra emnet med godt resultat, trengst det førekunnskapar i fransk som svarar til minst nivå 2 frå vidaregåande skole.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med ein studierett ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

Kvar student får tilbod om 7 timar undervisning kvar veke i om lag 10 veker:

2 t førelesing i historie

2 t førelesing i frankofoni

2 t førelesing i omsetjing frå fransk til norsk

1 t munnleg øving knytt til historie og frankofoni (gruppe)

Obligatorisk undervisningsaktivitet

I samband med undervisninga skal ein levera for godkjenning eitt skriftleg arbeid i omsetjing og eitt skriftleg arbeid på om lag 1000 ord i historie eller frankofoni. Ein må i tillegg få godkjent ei munnleg framføring på om lag fem minutt i den disiplinen ein ikkje leverer skriftleg oppgåve i. Frist for innlevering av oppgåver vert gjeven i byrjinga av semesteret.

Vurderingsformer

Eksamen er tredelt:

1) Skriftleg skoleeksamen (2 timar) i historie eller frankofoni. Kva for ein disiplin som skal prøvast til skriftleg eksamen vert oppgjeve ei veke før eksamen. Skoleeksamen kan bli digital.

2) Munnleg eksamen på fransk i historie eller frankofoni (den av dei to disiplinane som ikkje vart prøvd til skriftleg eksamen). Kva for eit emne i pensum som skal prøvast vert oppgjeve om lag 20 minutt før munnleg eksamen.
3) Skriftleg skoleeksamen (2 timar) i omsetjing fransk-norsk. Skoleeksamen kan bli digital.

Karakteren på kvar av dei tre prøvene tel 1/3 av samla emnekarakter. Det er høve til å ta med seg inntil to deleksamenar inntil to semester etter at deleksamenen er greidd.

På dei skriftlege eksamensdagane kan ein nytta eittspråkleg (fransk-fransk og eventuelt norsk-norsk) ordbok godkjend av instituttet.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Litteraturliste

Historie: eit oversyn over fransk historie frå 1600 til i dag, i Guillaume Bourel, Marielle Chevallier, Guillaume Joubert og Axelle Guillausseau : Bescherelle - Chronologie de l'histoire de France, Hatier, s.l70 -395.

Eit alternativt historieverk er Jean Carpentier og François Lebrun:

Histoire de France, Points Seuil, kap.16-32.

Frankofoni: utdrag frå John Kristian Sanaker, Karin Holter og Ingse Skattum: La francophonie, une introduction critique, Unipub (om lag 140 sider)

Eit presist pensumoversyn finn ein på Mitt UiB.

Omsetjing: ikkje noko tekstpensum

Ved semesterstart vil det bli opplyst om eventuelle endringar i pensum.

Emneevaluering

Undervisninga vert evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: To skriftlege skoleeksamenar og munnleg eksamen

    Trekkfrist
    28.10.2019
    • Eksamensdel: Skriftleg skoleeksamen (historie eller frankofoni)

      Dato
      19.11.2019, 15:00
      Varigheit
      2 timer
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
    • Eksamensdel: Munnleg eksamen

      Eksamensperiode
      18.11.2019–19.11.2019
    • Eksamensdel: Skriftleg skoleeksamen (omsetjing)

      Dato
      20.11.2019, 09:00
      Varigheit
      2 timer
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen