Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Fransk grammatikk 2

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

Emnet FRAN121 har eit omfang på 10 studiepoeng.

Studienivå (studiesyklus)

 Bachelor

Fulltid/deltid

-

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Dette emnet finst òg som reint nettstudium (FRAN621).

Mål og innhald

Emnet byggjer på FRAN120, og har som mål å gje kunnskap om fransk språkstruktur, særlig innan syntaks. Det skal har òg som mål styrkje studentane sitt språkvitskapleg omgrepsapparat.

Emnet skal vera med på å øva opp evna hjå studentane til å uttrykkja seg på standardfransk, gjennom omsetjingsøvinger som belyser kontrastar mellom norsk og fransk.

Studiet tar opp tema som tempus og modus, adverbial, setningar og leddsetningar, infinitte strukturar, og informasjonsstruktur.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • har fått utdjupa sin kunnskap om det franske språksystemet
  • har fått ei styrka forståing og meistring av eit presist språkvitskapleg omgrepsapparat

Ferdigheiter

Studenten

  • kan forklara korleis komplekse språklege strukturar fungerer syntaktisk og semantisk
  • har videreutvikla sin dugleik i å uttrykkja seg på standardfransk

Generell kompetanse

Studenten

  • har nok kompetanse til å kunne vidareutvikla sine kunnskapar t.d. gjennom studiet av grammatikk på 200-nivå, t.d. emnet FRAN255/205

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

For å gjennomføra emnet med godt resultat, trengst det førekunnskapar i fransk som svarar til emnet FRAN120 (eller FRAN620) Fransk grammatikk 1.

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp blir studiepoeng-uttellinga for FRAN121 redusert med 10 studiepoeng om det blir kombinert med FRAN101 eller FRAN621, og 5 studiepoeng om det blir kombinert med FRANSK622.

Krav til studierett

 Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

Før undervisninga får studentane tilgang til videoførelesningar, notat og diskusjonsforum på læringsplattformen MittUiB. Diskusjonsforumet kan bli felles med nettkurset FRAN621. Klasseromsundervisninga består hovudsakleg av oppfølging av videoundervisninga og oppgåveløysing og føreset at studentane har arbeidd aktivt med førebuingsmaterialet i forkant. I tillegg til denne undervisninga vert det organisert eit kurs kor studentane får trening i å løyse eksamensoppgåver.

Omfanget er omtrent 3 timar per veke i 8 veker. Det kan òg bli noko fellesundervisning på nett saman med FRAN621.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det blir kravd at studentane deltek på minimum 75% av undervisninga (også digital) for å få gå opp til vurdering i emnet.

Emnet omfattar to obligatoriske øvingsoppgåver med omfang og innhald omlag som ved ein eksamen. Oppgåvene er obligatoriske for alle studentar på emnet, og for å få gå opp til eksamen må studenten ha levert dei obligatoriske øvingsoppgåvene innan fastsette fristar. Fristane vert kunngjort seinast ved undervisningsstart for emnet. Kvar oppgåve vert kunngjort ei veke før fristen. Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsform:

Eksamen er ein 5 timars skriftleg eksamen heime der studenten skal svara på norsk (eventuelt eit anna skandinavisk språk). Eksamen er normalt digital. Eksamensoppgåvene trekkjer inn store deler av pensum. Det vert gjeve teoretiske spørsmål og praktiske prøver, inkl. i syntaktisk analyse.

Hjelpemiddel til eksamen

Våren 2021 er alle hjelpemiddel tillatne ved eksamen under forutsetning av korrekt bruk av kilder. Det er en selvfølge at teksten som leveres er studentens egen. UiB bruker Urkund til elektronisk plagiatkontroll av innleverte studentbesvarelser.

Karakterskala

Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Pensum er samansett av utdrag på rundt 190 sider frå ein større fransk grammatikk skriven på norsk med hovudvekt på morfologi og syntaks. Læreboka er skriven i eit kontrastivt perspektiv: det blir lagt stor vekt på skilnader mellom norsk og fransk for å gjera tileigninga av framandspråket lettare.

Som læremiddel brukar ein også øvingar i grammatikk som studentane kan arbeida sjølvstendig med på internett.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar blir gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyre for fransk

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Institutt

 Institutt for fremmedspråk

Kontakt

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Skriftleg eksamen heime

    Oppgave utleveres
    27.04.2021, 09:00
    Innleveringsfrist
    27.04.2021, 14:00
    Trekkfrist
    13.04.2021
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen