Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Innføring i fransk litteratur

Studiepoeng, omfang

Emnet FRAN122 har eit omfang på 10 studiepoeng.

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor 

Undervisningssemester

Vår 

Emnet går første gang våren 2019

Undervisningsstad

Bergen 

Mål og innhald

Emnet skal gje ei innføring i fransk litteratur og litteraturhistorie frå det 17. hundreåret fram til vår tid. Formålet er å utvikla evna hjå studentane til å lesa og tolka skjønnlitterære tekstar gjennom øving i litterær analyse og kunnskap om dei aktuelle periodane og forfattarane. I studiet av tekstane vert merksemda retta mot korleis tekstane er knytte til fransk litteratur- og kulturhistorie. 

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om pensumtekstane og kjennskap til den kulturelle konteksten deira
  • har kunnskap om hovudlinene i fransk litteraturhistorie frå det 17. hundreåret og fram til vår tid

Ferdigheiter

Studenten

  • kan gjera greie for tematiske aspekt ved pensumtekstane på fransk
  • kan situera pensumtekstane i høve til hovudlinene i fransk litteraturhistorie
  • kan bruka kunnskapane dei har skaffa seg i sjølvstendige analysar og drøftingar av pensumtekstane

Generell kompetanse

Studenten:

  • har eit godt grunnlag for å utvikla vidare si ne kunnskapar om og forståing av franske litterære tekster og deira kulturhistoriske kontekst, også i samband med andre språks litteraturer.

Krav til forkunnskapar

Ingen 

Tilrådde forkunnskapar

For å gjennomføra emnet med godt resultat, trengst det førekunnskapar i fransk som svarar til minst nivå 2 frå vidaregåande skule. 

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp blir uttellinga i studiepoeng for FRAN122 redusert med 10 studiepoeng om det blir kombinert med FRAN102. Det blir redusert med 5 studiepoeng om det blir kombinert med FRAN105 eller FRAN106.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB. 

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar, oppgåvekurs, rettleiing i samband med den obligatoriske framføringa, samt ei stutt innføring i bruk av databasert læringsprogram for sjølvstudium. I tillegg til den ordinære undervisninga er det tilbod om filmframsyning.

Om lag 3 timar undervisning per veke i 10 veker. 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det blir kravd at studentane deltek på minimum 75% av førelesingane for å få gå opp til vurdering i emnet. 

I samband med undervisninga skal studentane halde ei munnleg framføring på 10 - 15 minutt. Studentane førebur framføringa under rettleiing av faglærar. Framføringa skal vere godkjend før ein kan ta eksamen i emnet.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og to påfølgjande semester. 

Vurderingsformer

Eksamen er ein skriftleg heimeeksamen på ei veke. Eksamensoppgåva er litteraturhistorisk vinkla med utgangspunkt i ein eller fleire pensumtekstar. Ein skal svara på fransk. Oppgåva skal vere på om lag 1500 ord. 

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.  

Vurderingssemester

Vår og haust

Litteraturliste

a) Tekstpensum

Pensumet inneheld eit utval stutte tekstar i ulike sjangre og frå ulike periodar av fransk litteraturhistorie frå det 17. hundreåret og fram mot vår tid.

I litteraturlista ligg det opplysningar om kva tekstar som til eikvar tid er pensum.

b) Litteraturhistorie

Studenten les eit stutt oversyn over fransk litteraturhistorie frå det 17. til det 21. hundreåret. Ein lyt òg skaffa seg grundigare kjennskap til forfattarane som er lagde opp på pensum. Stoff om dei einskilde forfattarane finst i litteraturhistorier, leksika og kommentarbøker til pensumverka.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevaluering blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. 

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyre for fransk

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Institutt

Institutt for fremmedspråk 

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Oppgave utleveres
    13.05.2019, 09:00
    Innleveringsfrist
    21.05.2019, 13:00
    Trekkfrist
    29.04.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen