Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Fransk litterær analyse

Studiepoeng, omfang

Emnet FRAN123 har eit omfang på 10 studiepoeng.

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor 

Fulltid/deltid

-

Undervisningssemester

Haust 

Undervisningsstad

Bergen 

Mål og innhald

Emnet tek for seg nokre sentrale litterære tekstar frå det 17. hundreåret og fram til vår tid. Formålet er å utvikla evna hjå studentane til å lesa og tolka skjønnlitterære tekstar spesielt gjennom øving i litterær analyse, men òg på bakgrunn av kunnskap om litterær teori, dei aktuelle periodane og forfattarane.

I studiet av tekstane vert merksemda i særleg grad retta mot dei litterære og språklege verkemidla, men òg korleis tekstane er knytte til fransk og frankofon kultur. 

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om litteraturteori, og om nokre sentrale litterære teknikkar og deira bruk i narrative, dramatiske og lyriske tekstar
  • kan gjera greie for tematiske og formelle aspekt ved pensumtekstane på fransk
  • kan situera pensumtekstane i høve til hovudlinene i fransklitteraturhistorie

Dugleik

Studenten

  • kan bruka kunnskapane dei har skaffa seg i sjølvstendige analysar og drøftingar av pensumtekstane

Generell kompetanse

Studenten

  • har ein generell kompetanse i lesing og tekstfortolkning som blant anna kan nyttast i samband med vidare litteraturstudier. 

Krav til forkunnskapar

Ingen 

Tilrådde forkunnskapar

For å gjennomføra emnet med godt resultat, trengst det førekunnskapar i fransk som svarar til minst nivå 2 frå vidaregåande skule.

Studentane bør ta vår-emnet FRAN122 før haustemnet FRAN123

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp blir uttellinga i studiepoeng for FRAN123 redusert med 10 studiepoeng om det blir kombinert med FRAN102. Det blir redusert med 5 studiepoeng om det blir kombinert med FRAN105 eller FRAN106.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB. 

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar, oppgåvekurs, rettleiing i samband med den obligatoriske øvingsoppgåva, samt ei stutt innføring i bruk av databasert læringsprogram for sjølvstudium. I tillegg til den ordinære undervisninga er det tilbod om filmframsyning.

Om lag 4 til 6 timar undervisning per veke i 8 veker.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det blir kravd at studentane deltek på minimum 75% av forelesningane for å få gå opp til vurdering i emnet.

I samband med undervisninga skal studentane skriva ei obligatorisk øvingsoppgåve på fransk (ca 1000 ord). Oppgåva vert delt ut rett etter semesterstart, med innlevering 8-10 veker seinare. Datoane vert kunngjorde i samband med undervisninga og ved oppslag/nettet.  

Pga. koronasituasjonen vil kravet om oppmøte til undervisninga ikkje bli handheva hausten 2020. Vi oppmodar likevel studentane til å følgje undervisninga i størst mogleg grad.

Vurderingsformer

Hausten 2020 er vurderingsforma endra frå skriftleg skuleeksamen til 5 timars skriftleg eksamen heime, med ei oppgåve i litterær analyse eller om litterære problemstillingar, som tiltak mot spreiing av koronavirus. Ein skal svara på fransk.

Hjelpemiddel til eksamen

Ved skriftleg eksamen heime er alle hjelpemiddel tillatne.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Tekstpensum:

Det 17. hundreåret: 1 drama

Det 18. hundreåret: 1 roman

Det 19. hundreåret: 1 roman

Det 20. hundreåret: 3-4 romanar/2-3 romanar og 1 drama (minst eitt verk frå frankofone område utanfor Frankrike)

Det 21. hundreåret: 1 roman

Eit utval eldre og nyare lyrikk.

Bakgrunnsstoff:

Ein ventar at studentane forbetrar sin kjennskap til fransk litteraturhistorie frå det 17. til det 20. hundreåret. Stoff om dei einskilde forfattarane finst t.d. i litteraturhistorier, leksika og kommentarbøker til pensumverka.

I samband med undervisninga får studentane forslag til utfyllande lesning i litterær teori.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevaluering blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. 

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyre for fransk

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Institutt

Institutt for fremmedspråk 

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Skoleeksamen høsten 2020 vil foregå enten hjemme eller på campus. Se emnet på MittUiB for mer informasjon.

  • Vurderingsordning: Skriftleg eksamen heime

    Dato
    08.12.2020, 09:00
    Varigheit
    5 timer
    Trekkfrist
    24.11.2020
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen