Fransk litterær analyse
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- FRAN123
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Fransk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet tek for seg nokre sentrale litterære tekstar frå det 17. hundreåret og fram til vår tid. Formålet er å utvikla evna hjå studentane til å lesa og tolka skjønnlitterære tekstar spesielt gjennom øving i litterær analyse, men òg på bakgrunn av kunnskap om litterær teori, dei aktuelle periodane og forfattarane.
I studiet av tekstane vert merksemda i særleg grad retta mot dei litterære og språklege verkemidla, men òg korleis tekstane er knytte til fransk og frankofon kultur.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:
(Kunnskap)
Studenten
- har kunnskap om litteraturteori, og om nokre sentrale litterære teknikkar og deira bruk i narrative, dramatiske og lyriske tekstar
- kan gjera greie for tematiske og formelle aspekt ved pensumtekstane på fransk
- kan situera pensumtekstane i høve til hovudlinene i fransklitteraturhistorie
(Dugleik)
Studenten
- kan bruka kunnskapane dei har skaffa seg i sjølvstendige analysar og drøftingar av pensumtekstane
(Generell kompetanse)
Studenten
- har ein generell kompetanse i lesing og tekstfortolkning som blant anna kan nyttast i samband med vidare litteraturstudier.
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Undervisninga finn stad i Bergen.
Dette emnet kan òg takast som rent nettstudium: FRAN623
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Før undervisninga får studentane tilgang til førebuingsmateriale på læringsplattformen MittUiB med f.eks. introduksjonsvideoer/videoførelesningar, notatar, oppgåver og diskusjonsforum. Undervisninga skjer normalt på campus og føreset at studentane i forkant aktivt har arbeidd med førebuingsmaterialet. Undervisninga består av førelesingar og seminar i litterær tekstanalyse samt filmframsyning. Det blir gitt rettleiing i samband med den obligatoriske øvingsoppgåva.
Dersom ressursane tillèt det, blir det halde kollokvier/oppgåveseminar. Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det blir kravd at studentane deltek på minimum 75% av førelesingar/seminar(også digital) for å få gå opp til vurdering i emnet.
I samband med undervisninga skal studentane skriva ei obligatorisk øvingsoppgåve på fransk (ca 1000 ord) under rettleiing av faglærar. Studentane vert oppmoda om å samarbeide om førebuinga av oppgåva. Oppgåvetema vert delt ut rett etter undervisningsstart, med innlevering seks veker seinare. Datoane vert kunngjorde i samband med undervisninga og ved oppslag på nettet. Oppgåva skal vere godkjend før ein kan ta eksamen i emnet.
Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og to påfølgjande semester.
Vurderingsformer
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Tekstpensum:
Omfattar eit utval tekstar frå det 17. til det 21. hundreåret.
Bakgrunnsstoff:
Ein ventar at studentane forbetrar sin kjennskap til fransk litteraturhistorie frå det 17. til det 21. hundreåret. Stoff om dei einskilde forfattarane finst t.d. i litteraturhistorier, leksika og kommentarbøker til pensumverka.
I samband med undervisninga får studentane forslag til utfyllande lesing i litterær teori.
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07.