Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Fransk kulturkunnskap og frankofoni

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor
 

Undervisningssemester

Haust 

Undervisningsstad

Bergen og OFNEC (Caen, Frankrike) 

Mål og innhald

Emnet gir en innføring i samfunnstilhøve i Frankrike og i den franskspråklege verda utanom Frankrike (la francophonie). Emnet skal øva opp studentane sin dugleik i å lesa franske tekstar og å samtala på fransk om pensumrelaterte emne.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap
Studenten

  • har god kjennskap til konstitusjonelle, politiske og sosiale tilhøve I Frankrike og I den franskspråklege verda i dag

Ferdigheiter
Studenten

  • er i stand til å samtala på fransk om samfunnstilhøve i Frankrike og i franskspråklege land og område
  • har utvikla dugleik i å uttrykkja seg på standardfransk og i å lesa høgt franskspråklege tekstar

Generell kompetanse
Studenten

  • er i stand til å følgja med i og kunna vurdera fransk og frankofon samfunnsdebatt ut frå dei kunnskapane ho/han har fått 

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav, men all undervisninga skjer på fransk og føreset gode franskkunnskapar.

Tilrådde forkunnskapar

For å gjennomføra emnet med godt resultat, trengst det førekunnskapar i fransk som svarar til minst nivå 2 frå vidaregåande skule.

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp vert uttellinga i studiepoeng for FRAN124 redusert med 5 studiepoeng om det vert kombinert med FRAN114 eller FRAN115, og uttelling av studiepoeng for FRAN124 vert og redusert med 5 studiepoeng om det vert kombinert med FRAN103.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Kvar haust organiserer instituttet eit 7-vekers opphald for studentane i FRAN124 ved Det norske studiesenteret ved Universitetet i Caen (OFNEC), med munnlege øvingar og gjennomgang av pensum i franske samfunnstilhøve og frankofoni. Kurset ved OFNEC er gratis, men studentane må sjølve betale for reise og opphald. Det er høve til å søkje Lånekassen om reisestipend.

For dei som ikkje kan følgje FRAN124 i Caen, blir det gitt om lag 24 førelesningstimar i løpet av dei 7 vekene dei andre studentane er i Caen. Samstundes blir det gitt om lag 12 timar munnlege øvingar og konversasjon i gruppe. 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

I samband med undervisninga skal ein levera for godkjenning eit skriftleg arbeid på om lag 1000 ord i fransk kulturkunnskap eller frankofoni. Ein må i tillegg få godkjent ei munnleg framføring på om lag fem minutt i den disiplinen ein ikkje leverer skriftleg oppgåve i. Frist for innlevering/framføring av oppgåver vert gjeven i byrjinga av semesteret.


Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.  

Vurderingsformer

Ein munnleg eksamen på fransk i fransk kulturkunnskap og frankofoni på om lag 30 minutt. Evne til å uttrykke seg munnleg på fransk og kunnskap om pensum i dei to disiplinane tel om lag like mykje for karakteren i emnet.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen hjelpemiddel er tillatne ved eksamen.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk. 

Vurderingssemester

Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Pensum består av utdrag frå eit verk om franske samfunnstilhøve, i tillegg til Sanaker, Holter og Skattum: La francophonie, une introduction critique (Unipub).

Det vil òg vere eit kompendium som omhandlar fransk fonetikk, til bruk i dei munnlege øvingane.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret. 

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for fransk.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Institutt

Institutt for fremmedspråk 

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no

Eksamensinformasjon