Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Fordjuping i fransk litteratur

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor 

Undervisningssemester

Vår

Emnet går første gang våren 2019

Undervisningsstad

Bergen 

Mål og innhald

Emnet tek for seg romanen som sjanger i eit diakront perspektiv. Gjennom studiet av fire representative romanar, sette i kulturhistorisk samanheng og i ljos av sentrale, romantekniske omgrep, skal emnet gje eit oversyn over utviklinga i sjangeren frå det 17. hundreåret og fram mot vår tid.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap
Studenten

  • har god innsikt i dei utvalte pensumverka
  • har kunnskap om den kulturhistoriske konteksten til litterære verka
  • har kunnskap om narratologi og sentrale romantekniske omgrep

Ferdigheiter
Studenten

  • kan bruka dei tileigna omgrepa i sjølvstendige analysar av pensumtekstar
  • kan analysera tekstane tematisk og i kulturhistorisk perspektiv
  • kan drøfta skriftleg og munnleg problemstillingar knytte til pensum

Generell kompetanse
Studenten

  • kan formidla kunnskapar innanfor eige fagområde på munnleg og skriftleg fransk
  • kan arbeide sjølvstendig med ei problemstilling og leite fram relevant bakgrunnsmateriale 

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav, men all undervisninga skjer på fransk og føreset gode franskkunnskapar. 

Tilrådde forkunnskapar

FRAN204 føreset språkkunnskapar som svarar til emna på 100-nivå.

Undervisninga byggjer på FRAN122 og FRAN123

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp vert studiepoeng-uttellinga for FRAN204 redusert med 10 studiepoeng om det vert kombinert med FRAN253 eller FRAN254.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med ein studierett ved Universitetet i Bergen.
 

Arbeids- og undervisningsformer

Det blir normalt gitt 3 timar førelesningar, seminar og rettleiing i veka i 12 veker.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet til dømes ved at førelesingar vert erstatta av seminar eller individuelt tilpassa undervisningsopplegg. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september. 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det blir kravd at studentane deltek på minimum 75% av førelesingar/seminar for å få gå opp til vurdering i emnet.

Studentane skal seinast fire veker før eksamen få godkjent eit munnleg innlegg (ca 15 minutt) knytt til pensum i emnet. Studentane utarbeider innlegget i samråd med faglærar. Manuskriptet til innlegget skal leverast samstundes med innlegget.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter. 

Vurderingsformer

Eksamen er ein 4 timars skriftleg skuleeksamen. Eksamen kan bli digital.

Hjelpemiddel til eksamen

Le Petit Robert eller annen fransk-fransk ordbok.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk. 

Vurderingssemester

Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Pensum inneheld fire romanar utanom ei innføring i romanteori. Ein set seg inn i ein representativ roman frå kvart av dei fire siste hundreåra, og i litteraturhistorisk bakgrunnsstoff med relevans for verka. Ein les òg eit innføringspensum i romanteori/ narratologi som er i tråd med det teoretiske siktemålet.


Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret. 

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. 

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for fransk.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Institutt

Institutt for fremmedspråk 

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skoleeksamen

    Dato
    21.05.2019, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    07.05.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen