Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Fordypning i fransk grammatikk og tekstlingvistikk

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor 

Undervisningssemester

Vår 

Emnet går første gang våren 2019

Undervisningsstad

Bergen 

Mål og innhald

Dette emnet inneheld eit pensum i grammatikk og tekstlingvistikk på om lag 200 - 250 sider henta frå ei moderne lærebok skriven på fransk, i motsetnad til læreboka på 100-nivå som er kontrastiv og skriven på eit skandinavisk språk. I tillegg vil studentane få eit utval vitskaplege artiklar på om lag 50 sider.

Arbeidet både med grammatikk og tekstlingvistikk har som mål å gje studentane større teoretisk kunnskap og praktisk dugleik i moderne fransk.  

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap
Studenten

  • har djupare innsikt i språkvitskaplege omgrep og apparat for grammatisk analyse
  • har spesialisert kunnskap om fransk språkstruktur og -tekst

Ferdigheiter
Studenten

  • er i stand til å reflektera kritisk rundt språkvitskaplege analysar av språket
  • kan nytta språklege omgrep til å analysera fransk språkbruk i ulike sjangrar

Generell kompetanse
Studenten

  • kan arbeide sjølvstendig med ei lingvistisk problemstilling og leite fram relevant bakgrunnsmateriale
  • kjenner normene for akademisk språkbruk
  • kan vidareutvikla kunnskap og dugleik i disiplinen på sjølvstendig vis 

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav, men all undervisninga skjer på fransk og føreset gode språkkunnskapar.

Tilrådde forkunnskapar

FRAN205 føreset språkkunnskapar som svarar til emna på 100-nivå. Undervisninga byggjer vidare på FRAN120 og FRAN121

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp vert studiepoeng-uttellinga for FRAN205 redusert med 15 studiepoeng om det vert kombinert med FRAN201 eller FRAN255.

Krav til studierett

Ope for alle: Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen. 

Arbeids- og undervisningsformer

Det blir normalt gitt 3 timar førelesningar, seminar og rettleiing i veka i 12 veker.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studentalet til dømes ved at førelesingar vert erstatta av seminar eller individuelt tilpassa undervisningsopplegg. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det blir kravd at studentane deltek på minimum 27 av 36 undervisningstimer (75%) for å få gå opp til vurdering i emnet.

For å kunna ta eksamen i emnet må studentane få godkjent ei øvingsoppgåve i grammatikk og tekstlingvistikk som er blitt gjeven i samband med undervisninga.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer

Eksamen er ein 6 timars skriftleg skuleeksamen. Eksamen kan bli digital.

Hjelpemiddel til eksamen

Le Petit Robert eller annen fransk-fransk ordbok.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk. 

Vurderingssemester

Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Pensum er henta frå eit moderne franskspråkleg grammatikkverk i tillegg til lingvistiske tidsskrift.
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret. 

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. 

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for fransk.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Institutt

Institutt for fremmedspråk 

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skoleeksamen

    Dato
    07.05.2019, 09:00
    Varigheit
    6 timer
    Trekkfrist
    23.04.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen