Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Fordjuping i fransk grammatikk og tekstlingvistikk med bacheloroppgåve for lektorutdanninga

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Dette emnet inneheld eit pensum i grammatikk og tekstlingvistikk på om lag 150-200 sider henta frå ei moderne lærebok skriven på fransk, i motsetnad til læreboka på 100-nivå som er kontrastiv og skriven på eit skandinavisk språk. I tillegg vil studentane få eit utval vitskaplege artiklar på om lag 50 sider.

Arbeidet både med grammatikk og tekstlingvistikk har som mål å gje studentane større teoretisk kunnskap og praktisk dugleik i moderne fransk.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap
Studenten

  • har djupare innsikt i språkvitskaplege omgrep og apparat for grammatisk analyse
  • har spesialisert kunnskap om fransk språkstruktur og -tekst

Ferdigheiter
Studenten

  • er i stand til å reflektera kritisk rundt språkvitskaplege analysar av språket
  • kan nytta språklege omgrep til å analysera fransk språkbruk i ulike sjangrar

Generell kompetanse
Studenten

  • kan arbeide sjølvstendig med ei lingvistisk problemstilling og leite fram relevant bakgrunnsmateriale
  • kan gjennomføra under rettleiing eit resonnerande, analytisk og kritisk arbeid tilsvarande BA-oppgåven
  • kjenner normene for akademisk språkbruk
  • kan vidareutvikla kunnskap og dugleik i disiplinen på sjølvstendig vis

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav, men all undervisninga skjer på fransk og føreset gode språkkunnskapar.

Tilrådde forkunnskapar

FRAN255L føreset språkkunnskapar som svarar til emna på 100-nivå. Undervisninga byggjer vidare på FRAN120 og FRAN121.

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp vert studiepoenguttellinga for FRAN255L redusert med 10 studiepoeng om det vert kombinert med FRAN201, FRAN205 eller FRAN255.

Krav til studierett

Opptak til lektorutdanninga ved Det humanistiske fakultet

Arbeids- og undervisningsformer

Det blir normalt gitt 3 timar førelesningar, seminar og rettleiing i veka i 9 veker.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studentalet til dømes ved at førelesingar vert erstatta av seminar eller individuelt tilpassa undervisningsopplegg. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det blir kravd at studentane deltek på minimum 20 av 24 undervisningstimer (75%) for å få gå opp til vurdering i emnet.

For å kunna ta eksamen i emnet må studentane få godkjent ei øvingsoppgåve i grammatikk og tekstlingvistikk som er blitt gjeven i samband med undervisninga.
I samband med semesteroppgåva skal det vera minst eitt rettleiingsmøte.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og det semesteret etter.

Det gis ikkje rettleiing i det undervisningsfrie semesteret.

Vurderingsformer

Eksamen er ei semesteroppgåve på om lag 3000 ord skriven i løpet av semesteret. Ein skal skriva oppgåva på fransk.

Oppgåva fyller kravet til det sjølvstendige arbeidet som skal gå inn i bachelorgraden.

Som avslutning på emnet vert det arrangert ein munnleg eksamen i grammatikk- og lingvistikkpensumet. Prøva skal samstundes syna den munnlege dugleiken i fransk hjå kandidatane.

Munnleg og skriftleg eksamensdel tel 50 prosent kvar av samla karakter i emnet. Begge prøvene må vere greidde i same semester.

Ein har ikkje krav på rettleiing om eksamen utsettast til følgjande semester

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje aktuelt.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Pensum er henta frå eit moderne franskspråkleg grammatikkverk i tillegg til lingvistiske tidsskrift.
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for fransk.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Semesteroppgåve og munnleg eksamen

    • Eksamensdel: Semesteroppgåve

      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
    • Eksamensdel: Munnleg eksamen